Mykola Pymonenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mykola Pymonenko
Mykola Pymonenko-Avtoportret.jpg
Fødenamn ukrainsk Микола Корнилович Пимоненко, russisk Николай Корнилович Пимоненко
Fødd 9. mars 1862
Kiev
Død

26. mars 1912 (50 år)
Kiev

Yrke kunstmålar
Sjanger sjangermåleri
Mykola Pymonenko på Commons

Mykola Kornilovitsj Pymonenko (9. mars 186226. mars 1912) var ein ukrainsk og russisk målar. Pymonenko var ein av dei fremste sjangermålarane i Ukraina og vart møtt med fagnad i det russiske imperiet. Han var medlem av St. Petersburgs kunstakademi frå 1904 og av kunstrørsla Peredvizjnikij.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Påskemorgonbøn i Kviterussland
Offer for fanatisme, 1901

Mange av Pymonenkos måleri er allmenngjorde portrett over, og ei lekamleggjering av, ei folkeleg oppfatning om arbeidsmennesket. Tematisk vende han seg òg mot bøndene og deira arbeid, framstilte typiske scener frå kvardagslivet med landskap i bakgrunnen.

Pymonenko laga illustrasjonar til fleire av Taras Sjevtsjenko sine dikt. Hans totale produksjon var på over 700 sjangerbilete, landskapsmåleri og portrett. Pymonenko tok elles del i målinga av veggmåleria i Volodymyrskatedralen i Kiev.

Han var fødd i Kiev og døydde i same byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Mykola Pymonenko