Taras Sjevtsjenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taras Sjevtsjenko
Taras Shevchenko selfportrait oil 1840 (crop).png
Verkeleg namn Тарас Григорович Шевченко, Taras Hryhorovytsj Sjevtsjenko
Fødd 25. februar 1814
Moryntsi
Død

26. februar 1861
St. Petersburg

Taras Sjevtsjenko på Commons
Sjølvportrett av Taras Sjevtsjenko frå 1843

Taras Hryhorovytsj Sjevtsjenko (født 25. februarjul./ 9. mars 1814greg., død 26. februarjul./ 10. mars 1861greg.) var ein ukrainsk diktar, kunstnar og humanist. Mange reknar han som Ukraina sin nasjonalskald.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sjevtsjenko var fødd i 1814 i ein liveigen familie i landsbyen Moryntsi i Tsjerkasy oblast, sentralt i Ukraina. I 1816 flytta familien tilbake til faren sin heimstad Kyrylivka. Taras byrja å læra noko grammatikk hjå ein lokal geistleg (dyak) og å måla, med motiv som hestar og soldatar.[1]

Mora til Taras døydde i 1823.[2][3][4] Faren gifta seg opp att med ei enkje, men døydde sjølv berre to år seinare.[2][5][4][6][7][8] Taras var elleve.

Taras hadde allereie reist med faren som omreisande handelsmann (tsjumak) i 1824. Dei hadde vitja Zvenyhorodka, Uman og Jelisavetgrad (dagens Kropyvnytskyj).[9] Som foreldrelaus tente han fleire stader, mellom anna hjå presten i Kyrylivka. I 1828 tente han hjå ein stormann i Vilsjana, men hadde også høve til å ta målartimar.

Då Taras Sjevtsjenko var 14 døydde eigaren av Kyrylivka, Vasiliy Engelgardt. Sonen Pavel Engelgardt arva han,[10] og Sjevtsjenko blei tenar for ein ny herre. Ein kveld i desember 1829 tok Pavel Engelgardt han i å måla eit portrett av kosakken Matvej Platov. Han slo til guten og gav ordre om at han skulle prylast med stokk.[11][12]

Pavel Engelgardt måla av Taras Sjevtsjenko.

Frå hausten 1828 til 1831 var Sjevtsjenko med Engelgardt i Vilno (Vilnius). Få detaljar er kjend om opphaldet. I 1831 drog dei til St. Petersburg. Her sende Engelgardt Sjevtsjenko til målaren Vasiliij Sjiriajev for å få opplæring i målarkunst. På fritida si kunne Sjevtsjenko vitja Sommarhagen, der han avbilda statuane. Han var med på å måla for Bolsjojteateret[13] og laga ein teikning til ei tevling ved Det russiske kunstakademiet.[14][15] I 1833 måla Sjevtsjenko eit portrett av Engelgardt.

Det var medan han var i St. Petersburg at Sjevtsjenko byrja skriva dikt.[12][16][17] Gjennom den ukrainske kunstnaren Ivan Sosjenko blei han kjend med andre ukrainarar som Jevhen Hrebinka og Vasyl Hryhorovytsj og dei russiske målarane Aleksej Venetsianov og Karl Brjulov. Sistnemnde donerte sitt portrett av diktaren Vasilij Zjukovskij som pris i eit lotteri der inntekten blei brukte til å frikjøpa Sjevtsjenko frå liveigenskapet den 5. mai 1838.[6] Same året blei han teken inn ved det russiske kunstakademiet og studerte under Brjulov.

I 1847 blei Sjevtsjenko arrestert i Kiev for å vera med i den slavofile, politiske rørsla «Kyrill-Metodius-brorskapen». Diktet hans Son ('Draum') vekte harme hjå tsarmakta, og han blei dømt til soldatteneste i Orenburg. Seinare blei han halden fanga i festningen Novopetrovsk. Først i 1857 blei han fri frå den brutale forvisinga, men helsa hans var då øydelagd. Han døydde fire år seinare, 47 år gammal. Sjevtsjenko blei gravlagd ved elva Dnepr nær den ukrainske byen Kaniv.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Ditkinga til Sjevtsjenko spegler vanskane både i hans eige liv og i ukrainsk historie, og er prega av human idealisme. Han skildrar idyllisk ukrainsk natur, det tapte frie kosakklivet og det sosiale elendet i samtida. Det største episke verket hans, Hajdamaki (1841), handlar om det kosakkiske bondeopprøret ved Dnepr i 1768.

Sjevtsjenko er særleg kjend for sine poetiske forteljingar om ulykkelege kvinneskjebnar, Katerina og Najmytsjka ('Teenestejenta'), og for kunstnarisk omarbeidde folkeforteljingar som Rusalka («Elva») og Poppelen (med «Lenore»-motivet i ei anna form).

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Det er reist ei bronsebyste i parken Østre Anlæg i København til minne om diktaren, utført av Sergej Boguslavskij.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Works in 10 volumes. Vol.3. 169-170; Vol.7. Book 2. 347
  2. 2,0 2,1 "Osnova" 1862. Book 3. 5
  3. Archives, fund 127, descr. 1012, case 1511, sheet 95
  4. 4,0 4,1 Works in 10 volumes. Vol.2. 229
  5. Works in 10 volumes. Vol.3. 170
  6. 6,0 6,1 «Shevchenko, Taras». Encyclopedia of Ukraine. http://www.encyclopediaofukraine.com/display.asp?AddButton=pages\S\H\ShevchenkoTaras.htm. Henta March 22, 2007. 
  7. "Osnova" 1862. Book 3. 6
  8. Archives, fund 127, descr. 1013, case 164, sheet 798
  9. Works in 10 volumes. Vol.3. 129
  10. Cherkasy Archives. fund 661. case 120. sheet 3-4
  11. Works in 10 volumes. Vol.7. Book 2. 349
  12. 12,0 12,1 Works in 10 volumes. Vol.5. 188
  13. Burachek, M. Great national artist. Kharkiv: "Mystetsvo", 1939. page 13.
  14. "Collection of materials for the history of Imperial St Petersburg Academy of Arts for hundred years of its existence". Vol.2. Saint Petersburg, 1865. page 251
  15. Works in 10 volumes. Vol.2. Book 1. 6
  16. Works in 10 volumes. Vol.1. 3-8
  17. Works in 10 volumes. Vol.7. Book 2. 350, 353
  18. Mindesmærke for Ukraines nationaldigter, kk.dk/da. Besøkt 18. febr. 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Taras Sjevtsjenko
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Taras Sjevtsjenko