Märklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit modelljarnbanesystem frå Märklin.

Gebr. Märklin & Cie. GmbH eller berre Märklin er eit tysk leiketøysføretak som vart oppretta i 1859. Opphavleg produserte føretaket tilbehøyr til dokkehus, men seinare vart det best kjend som produsent av modelljarnbaner.

Märklin melde konkurs den 4. februar 2009, same året som føretaket vart 150 år.[1] Føretaket blei drive vidare av ein konkursforvaltar som i juli 2010 melde at føretaket igjen gjekk med overskot.[2][3] I 2013 blei Märklin kjøpt opp av Simba Dickie Group.[4]

Tre ulike modelljarnbanesystem vert selde under Märklin-varemerket: 1:32 skala, som også vert kalla Spor 1, 1:87 skala som høyrer til den mest populære modelljarnbaneskalaen H0 og 1:220, eller Z-skala, som er det minste kommersielt produserte modelljarnbanesystemet. Z-skala nyttar seg av likestraum i likskap med alle andre modelljarnbanesystem. Märklin H0 og 1 nyttar vekselstraum, og i H0 vert det nytta ein straumførande leier mellom dei to spora.

I ein periode vart Märklin Z-skala seld under varemerket Mini-club, men denne benevninga fall vekk etter 2005.

Bokstaven Z vart vald til lanseringa i 1972 som den siste i alfabetet, for å markere at dette var det desidert minste modelljarnbanesystemet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]