Når elv skifter leie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Når elv skifter leie er namnet på ei novellesamling skriven av Ingeborg Refling Hagen og utgjeve i 1920. Boka er debuten til Refling Hagen, og vart utgjeven på Steenske forlag. To år etter gjekk ho over til Gyldendal Norsk Forlag.

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • «Margit», ei skildring av ein familie som lever i små kår på Tangen. Set opp det sosiale skiljet mellom "lesarar" og vanlege bygdefolk.
  • «Ben-Oline», historia om ei gamal kjerring som berre har att ei tann. Oline var kjent for å utnytte folk på bygda. Mor til Ingeborg, Johanne Hagen, har ei rolle i novella.
  • «Barnet», ei skildring av Signe, som får barn utanfor ekteskap og så tek livet av det.
  • «Ymgjerd», fortel om tre born som er einsame heime, og som ventar på foreldra ein haustkveld i skogbygda.
  • «Låne varme», fortel om småjenta Marte som lyt ut ein haustkveld for å hente eld til heimegrua.
  • «Toner» er ei forteljing om Petra, ei seterjente som elska å syngje, og om det harde livet ho fekk.
  • «Anders Husmann» handlar om toradarspelemannen Anders, og om korleis han lyt ta seg av det barnet han fekk med ei gardjente.
  • «Når Elv skifter leie», den lengste novella i samlinga.

Alle desse forteljingane knyt seg tematisk til det gamle bygdemiljøet på Tangen i Hedmark.

Tittelnovella[endre | endre wikiteksten]

Tittelnovella fortel om husmannsjenta Eli Bøstua, som reiser frå sørbygda til teneste i nordbygda, og vert gift med ein blekkslagar av taterfolket. Saman får dei sonen Bjørn, som syner seg å vera ein villstyring med sterk hug til fridom. Samstundes utviklar han valdelege drag, og tuktar mor si. Dette blir verre etter at faren døyr tidleg, og Eli lyt oppdra guten aleine. Ho rømer med han gong på gong etter at Bjørn gjer seg til uven med folk i dei ulike bygdelaga. Sistpå, når han er vaksen, reiser han ut, og kjem attende med ei ung jente og to born (det yngste blir fødd i stua til Eli). Det syner seg at Beret, ungjenta er sterkt mishandla av Bjørn, og døyr snart etter at vesleguten kjem til verda. Mor til Beret er gardkjerring og krev at borna skal koma heim til garden hennar, og jagar bort Eli, sidan ho får skulda for at dottera er daud. Eli reiser heim, ribba for alt, og ender opp som halvgalen.

Denne novella vart seinare teken oppatt i Livsfrisen, der Refling Hagen let Eli drøfte med seg sjølv kva slag oppseding Bjørn skulle hatt, og kva som gjekk gale. Hovudpersonen i Livsfrisen, Ingrid, samanstiller Eli Bøstua med Jomfru Maria, og drøftar «to vegar» eit menneske (mannen) kan få: frelse (Kristus), eller øyding, her synleggjort gjennom Elis son Bjørn.