Níkos Vértis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Níkos Vértis

Fødd21. august 1976
FødestadGorinchem i Nederland
FødenamnNíkolaos Vértis
AliasNíkos Vértis
gresk Νίκος Βέρτης
OpphavHellas
Aktiv2003–i dag
SjangerPop
InstrumentVokal
PlateselskapUniversal Music Greece
Verka somSongar

Níkolaos Vértis (fødd 21. august 1976 Gorinchem), kjend som Níkos Vértis, er ein gresk songar. Han har gjeve ut fem studioalbum, ein CD-singel og spesialutgåver av to CD/DVD-album.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Vértis vart fødd i Gorinchem i Nederland. Då han var seks år flytta familien til Thessaloníki i Hellas, og då han han var sju starta han å spele bouzouki. I 15-årsalderen starta han med song. Året etter flytta han attende til Nederland og budde der i to år medan han gjekk på vidaregåande skule. Han flytta att til Hellas for å gjennomføre verneplikten i militæret, og då han vart ferdig der fortsette han med synginga. Han song på små klubbar i Thessaloníki og andre stader i den greske regionen Makedonia. Sommaren 2002 starta han å syngje på den populære klubben Rodon fram til sommaren etter.

2003–2004: Polú apótoma vradiázei og Páme psukhí mou[endre | endre wikiteksten]

I 2003 signerte han med Universal Music Greece og gav ut debutalbumet Polú apótoma vradiázei. Songane «Astéri mou», «An feígeis» og «San trelós se agapaó» og tittelsporet var radiohits ein kort stund. Songane som Peggy Zina syng med på, frå albuma «Eímaste Horía» and «Hanomaste», vart òg radiohits. I vintersesongen 2003–04 flytta Vértis til Aten, der han samarbeiddet med Peggy Zina på klubben Apollon. Under Arion Awards i 2003 vann han i kategorien «beste nye artist».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen som har med Hellas å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.