Nødmynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nødpengar

Nødmynt eller nødpengar er pengar laga for å bøta på mangel på betalingsmiddel. For myntar gjaldt dette tradisjonelt høve der det nominelle verdet var større enn metallverdet (òg kalla skiljemynt eller kredittmynt, dette er i dag det vanlege).

Nødmynt var nytta i Sverige for å hjelpe statsfinansane når utgiftene var store som under Karl XII. Det var tenkt at når dei statlege finansane til slutt tillet det, kunne nødmyntane løysast inn mot ein «god mynt» (verdimynt). Nødmynt var dermed ein slags metallisk statsobligasjon, som seinare skulle inløysast. Med avviklinga av gullmyntfoten og sølvinnhaldet i mynt på 1900-talet har koplinga til metallverdet av myntar opphøyrt, og dei fleste myntar av høgare valør kan seiast å vere nødmynt eller myntteikn, sjølv om omgrepet ikkje lenger blir nytta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nødmynt