Nøytrinoastronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nøytrinoastronomi er ei grein av astronomien som gjer bruk av observasjonar og teori for nøytrinoar. Truleg eksisterte nøytrinoar i store mengder under big bang og kan ha spelt ei viktig rolle under utviklinga av universet i denne tidlegaste epoken. Dei speler òg ein viktig rolle i teorien for supernovaeksplosjonar der dei vert danna i enorme mengder. Ved kjernereaksjonane i det indre av sola vert det produsert enorme mengder nøytrinoar som passerer nesten uhindra gjennom jorda. Ved sinnrike eksperiment greier ein å fanga nokre få av dei.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]