NM i turn 1970 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i turn 1970 for menn vart avvikla i Mossehallen i Moss helga 10.–11. oktober 1970. Deltakarane tevla i tolvkamp, dobbelt program i alle seks øvingane med både obligatoriske og sjølvvalde program i øvingane.

Tolvkamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Åge Storhaug Klepp Idrettslag 108,95
Sølv Tore Lie NTHI 105,90
Bronse Torbjørn Ingvaldsen NTHI 104,50
4. Trygve Gjerstad NTHI 104,20
5. Eddy Pedersen Horten 102,50
6. Truls Pedersen Bergen Turn 100,80


Trygve Gjerstad var bestemann i begge øvingane med ringar og Torbjørn Ingvaldsen sameleis i bøylehest. Elles sanka Åge Storhaug flest poeng i dei åtte andre apparatøvingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Arbeiderbladet 12. oktober 1970