Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen og tettstaden Moss. For kommunen, sjå Moss kommune.
Moss
By
none  Moss sett frå Jeløya.
Moss sett frå Jeløya.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Østfold
Kommune Moss
Areal 23,01 km²
Folketal 45 586 (2015)
Folketettleik 1 981 / km²
Innbyggjarnamn mossing
Preposisjon i / på Moss
Wikimedia Commons: Moss, Norway

Moss er ein by og administrasjonssenter i Moss kommune i Østfold fylke. Byen strekker seg ut over kommunegrensene og inkluderer også busetnad i kommunane Rygge og Vestby. Delen av byen som ligg i Moss har 30 201 innbyggjarar (2012). Totalt har heile Moss tettstad ei folkemengd på 45 586 innbyggjarar per 1. januar 2015.

Moss ligg på austsida av Oslofjorden og er eit knutepunkt for samferdsel. Byen har ferjesamband over fjorden til Horten i Vestfold fylke, og direkte flysamband til byar i Noreg og Europa gjennom Moss lufthamn, Rygge. I tillegg har byen jernbane, og ligg nært til E 6.

Byen er eit viktig handels- og administrasjonssenter, med eit mangfaldig industri- og handelsmiljø. Moss er sete for fylkesmannen i Østfold og fylkesarbeidskontoret, medan fylkeskommunens administrasjon ligg i Sarpsborg. I byen ligg Sykehuset Østfold Moss og to vidaregåande skolar, Kirkparken VGS og Malakoff VGS, som er drivne av Østfold fylkeskommune.

Moss fekk bystatus i 1720.

Historikk og kultur[endre | endre wikiteksten]

Moss voks opp ved munningen av Mosseelva der det var kverner og saltkokeri alt i mellomalderen, og frå 1500-talet sagbruksdrift og trelasthandel. Moss er omtalt i 1560 som ladestad og blei kjøpstad i 1720 etter at Moss Jernverk var sett i drift i 1704. Jernverket blei lagt ned i 1876, men hovudbygningen, Konventionsgaarden frå 1778, er verna. Det var her Mossekonvensjonen blei underteikna i 1814. Den moderne industrialiseringa starta i Moss i siste tredjedel av 1800-talet med etablering av mellom anna hermetikkfabrikk, fabrikk for oljeklede (Helly Hansen), treforedlingsverksemd (M. Peterson & Søn AS) og glasproduksjon (Moss Glasværk).

På sørsida av Jeløy ligg Alby gård med kunstgalleriet Galleri F 15. Her er det også oppretta eit naturvernsenter. Rød Gård har allsidige kulturaktivitetar. På vestsida ligg Refsnes Gods, som nå er hotell.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Moss