NM i turn 1973 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i turn 1973 for kvinner vart arrangert i Kristiansund helga 26.–27. mai med Kristiansund Turnforening som arrangør. Deltakarane tevla i åttekamp, med både obligatoriske og sjølvvalde program i dei fire øvingane: bom, frittståande, hopp og skranke.

I sjølvvalde øvingar var Unni Holmen den beste i frittståande og hopp og Jill Schau i skranke. På bommen fekk dei same to lik bestekarakter.

Åttekamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Jill Schau Njård 70,35
Sølv Unni Holmen Oslo Turnforening 68,15
Bronse Trine Andresen Oslo Turnforening 68,15
4. Gro Sandberg Hokksund IL 67,95
5. Bente Hansen Hermes 67,40
6. Marianne Dolles Oslo Turnforening 63,80


Kjelder[endre | endre wikiteksten]