Oslo Turnforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oslo Turnforening vart stifta i 1855 som Chistiania Turnforening og vart då den fyrste idrettsforeininga i Noreg. Etter 1909 har det vore drive idrettar som friidrett, boksing og symjing i tillegg til turn i foreininga. Mellom dei meir kjende medlemene i Oslo Turnforening har vore boksaren Pete Sanstøl og turnaren Unni Holmen.

Det var den austerrikske bokbindaren Joseph Stockinger som tok initiativ til oppstartinga av foreininga. Han kom til Oslo i 1854 og tok seg arbeid i eit bokbinderi og året etterpå var han drivkrafta då turnforeninga vart stifta.

Oslo Turnforening eig og driv i dag Oslo Turnhall i St. Olavs gate i Oslo sentrum og HaslehallenHasle lenger aust i byen. Medlemstalet i 2006 er om lag 2500.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]