NOKUT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, NOKUT, er eit fagleg uavhengig forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet, med eit eige styre som det øvste avgjerdsorganet. Hovudoppgåva til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga er å dokumentere og informere om tilstanden i høgare utdanning og fagskuleutdanning i Noreg, og i godkjent utanlandsk utdanning.

NOKUT blei oppretta av Stortinget i 2002 og var verksamt frå 1. januar 2003.[1] Bakgrunnen for opprettinga var i behandlinga av Kvalitetsreforma. Styresmaktene meinte ein trengde å kunna kontrollera om utdanningsinstitusjonar heldt det nivået dei skulle.

Høgare utdanning i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har universiteta, høgskulane og fagskulane sjølv ansvaret for at det er tilfredsstillande kvalitet på den utdanninga dei gjev. Men Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga kontrollerer at lærestadene sitt eige kvalitetstryggingsarbeid held mål, og bidreg på dette viset til at samfunnet kan lite på at utdanninga ved norske lærestader er god. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga har dessutan som oppgåve å avgjere om ein lærestad kan godkjennast som universitet, som er ein status mange høgskular ynskjer å oppnå. Men dette er ei avgjerd som i hovudsak byggjer på formelle kriterium, og seier i røynda ikkje noko om kvaliteten på undervisninga.

Høgare utdanning ved utanlandsk lærestad[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga har òg utanlandsk utdanning som sitt arbeidsområde. Organet har ansvaret for den norske vurderinga og godkjenninga av den utanlandske høgare utdanninga som einskildpersonar har skaffa seg, og gje informasjon om systemet for godkjenning i Noreg. Dessutan skal Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga ivareta nasjonale koordinerings- og kontaktpunktfunksjonar, skaffe, samanstille og analysere kunnskap om godkjenning av utanlandsk kompetanse, skape møteplassar for meiningsutveksling, sette viktige tema på dagsorden, og gje råd til styresmaktene, arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane. Formålet med dette er at personar med utanlandsk utdanning effektivt skal kunne nytte kompetansen sin i Noreg. Difor skal organet òg gjere sitt til at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva ulike former for utanlandsk utdanning og kompetanse svarar til i norsk samanheng.

Arbeid med kvalitetssikring og godkjenning av utdanningstilbod byggjer på internasjonale standardar. Det same gjeld arbeidet med godkjenning av utdanning frå utlandet. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga tek del i internasjonale samarbeidsprosjekt på båe desse områda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 18. november 2002 s. 4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]