Hopp til innhald

Wikipedia:Objektivitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå NPOV)
Snarvegar:
WP:N
WP:NPOV

Eitt av grunnprinsippa til Wikipedia er at alle artiklar skal ha eit objektivt synspunkt (engelsk Neutral Point Of View, NPOV). I følgje Wikipedia-grunnleggjaren Jimmy Wales er objektivitet «absolutt og ikkje gjenstand for forhandling». Dette medfører at alle artiklar skal legga fram alle synspunkt på ein rettferdig, proporsjonal og upartisk måte. Å skriva upartiske artiklar er noko som krev trening, og er ofte lettare å oppnå gjennom samarbeid og samtale.

«Objektivt synspunkt» blir ofte misforstått. Politikken betyr ikkje at ein meiner det er mogleg å skriva ein heilt objektiv artikkel, men at ein skal følgja alle partane i ein diskusjon rettferdig, og ikkje lage ein artikkel som bare talar for éi side. Rettferdig vil også seia at kvar side av ei sak får omtale som står i samanheng med utbreiinga av synet. Eit syn hevda av eit lite mindretal skal ikkje ha like stor omtale som fleirtalssynet.

Sjå òg retningslinene for Wikipedia.