Nagorno-Karabakh-krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nagorno-Karabakh-krigen
Refugeesaz.jpg
Dato 20. februar 1988–16. mai 1994
Stad Nagorno-Karabakh, Armenia og Aserbajdsjan
Krigsårsak Etnisk feide om landområde mellom armenarar i Nagorno-Karabakh og Aserbajdsjan
Resultat Avgjerande armensk militærsiger

Våpenkvileavtale (Bishkekprotokollen, som framleis i kraft); fredsforhandlingar pågår om det omstridde området

Partar
Flag of Artsakh.svg Nagorno-Karabakh
Flag of Armenia.svg Armenia

Støtta av:
Flag of Russia.svg Russland

Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan

Støtta av:
Flag of Russia.svg Russland
Flag of Afghanistan (WFB 1996).png Afghanistan afghanske mujahideen[1]
Flagget til Den tsjetsjenske republikken Itsjkeria tsjetsjenske soldatar/leigesoldatar

Kommandantar
Flagget til Republikken Nagorno-Karabakh Samvel Babayan
Flagget til Republikken Nagorno-Karabakh Monte Melkonian  
Flagget til Armenia Hamayak Haroyan
Flagget til Armenia Vazgen Sargsyan
Flagget til Republikken Nagorno-Karabakh Arkady Ter-Tadevosyan
Flagget til Aserbajdsjan Isgandar Hamidov
Flagget til Aserbajdsjan Surat Huseynov
Flagget til Aserbajdsjan Rahim Gaziyev
Flagget til Den tsjetsjenske republikken Itsjkeria Shamil Basayev[2]
Flagget til Afghanistan Gulbuddin Hekmatyar[1]
Styrkar
20 000 (NK-styrkar, inkludert 8 000 frå Armenia)
20 000 (armenske soldatar)[3]
42 000 (36 000 i hæren, 1 600 i luftforsvaret) [3]

1500–2500 afghanske og tsjetsjenske soldatar[1]

Tap
Døde:
4 592[4]
Skadde:
25 000
Sakna
196 [4]
Døde:
25 000[5][6]-30 000[4]
Skadde:
60 000[6]
Sakna:
4 210[7]
Sivile drepne:
  • 1264 armenske sivile (inkludert borgarar i Armenia)[4]
  • Dei eksakte dødstala til dei aserbajdsjanske sivile sidan det aldri er gjort kjend offisielt, og er truleg inkludert i det totale dødstalet og/eller talet på sakna sivile

Sivile sakna:

  • 400 i følgje Karabakh statskommisjon[7]
  • 749 i følgje Aserbajdsjansk statskommisjon[7]

Nagorno-Karabakh-krigen var ein krig som fann stad frå 1988 til 1994 i den vesle enklaven Nagorno-Karabakh i det sørvestlege Aserbajdsjan. Partane i konflikten var etniske armenarar i Nagorno-Karabakh, støtta av Armenia, og Aserbajdsjan, støtta av mujahedin frå Tsjetsjenia og Afghanistan.[1] I 1988 erklærte det nyleg oppretta parlamentet i enklaven at dei ønskte å slutte seg til Armenia. Avgjersla vart boikotta og fordømd av den aserbajdsjanske folkesetnaden i enklaven, og ei folkeavstemming vart halden der majoriteten stemde for sjølvstende. Dette førte til auke valdshandlingar mellom dei etniske gruppene, der begge sider skulda den andre for å drive med etnisk reinsing.

Når Aserbajdsjan erklærte seg sjølvstendig frå Sovjetunionen, erklærte landet at Nagorno-Karabakh ikkje skulle få halde det sjølvstyret dei hadde hatt under sovjetisk styre. Dette førte til krigsutbrotet vinteren 1991. Våren 1992 okkuperte Armenia den såkalla Lachin-korridoren, landområdet som ligg mellom Nagorno-Karabakh og Armenia. Aserbajdsjan nytta seg av bølgjer av soldatar, og hadde forholdsvis store menneskelege tap. Menn helt ned i 16-årsalderen, fullstendig utan militær erfaring, vart kalla inn til militærteneste. Internasjonale initiativ feila i løyse konflikten på ein måte som begge parter kunne godta. Våren 1993 gjennomførte Armenia eit åtak på Nakhitsjevan, noko som førte til at Tyrkia truga med å blande seg inn. Russland stilte derfor opp styrkar langs den armenske grensa til Tyrkia, og sørgde på den måten for at Tyrkia ikkje gjekk inn i krigen. Når armenske styrkar erobra landområde langs den offisielle grensa mellom Aserbajdsjan og Iran, gjennomførte Iran ei åtvarande mobilisering. Trass i potensiell risiko, eskalerte krigen aldri til å bli ein storstilt regional konflikt, og ingen land intervenerte på vegne av nokre av partane mot den andre. I slutten av 1994 kontrollerte armenarane nesten heile enklaven og 9 prosent av ytterleg aserbajdsjansk territorium. Mot slutten av krigen vart det gjort opprør i Aserbajdsjan mot president Abülfaz Elçibay, og tropper vart fjerna frå frontlinja for å delta i kampane. Ofte førte dette til at armenarane kunne erobre heile byar utan å avløyse eit einaste skot. Den aserbajdsjanske presidenten vart til slutt styrta, og det nye regimet gjekk med på å forhandle om ein våpenkvile.

Så mange som 230 000 armenarar frå Aserbajdsjan og 800 000 aserbajdsjanarar frå Armenia og Karabakh vart forflytta som følgje av krigen. Russland framforhandla ein våpenkvile i mai 1994, og sidan då har det pågått stadige fredsforhandlingar som ikkje har lukkast. Aserbajdsjanske trugslar om å gjenerobre enklaven, samt trefningar langs fronten har medverka til å gjere konflikten til eit potensielt risikofelt for ein regional konflikt. Så seint som i 2012 var det fleire mindre grensetrefningar mellom partane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Taarnby, Michael. "The Mujaheddin in Nagorno-Karabakh: A Case Study in the Evolution of Global Jihad." Real Institute Elcano. 5 September 2008.
  2. Griffin, Nicholas (2004). Caucasus: A Journey to the Land Between Christianity and Islam. Chicago: University of Chicago Press. s. 185–186. ISBN 0-226-30859-6. 
  3. 3,0 3,1 Levon Chorbajian, Patrick Donabédian, Claude Mutafian The Caucasian knot: the history & geopolitics of Nagorno-Karabagh. Zed Books, 1994, p. 14. ISBN 978-1-85649-288-1.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Melik-Shahnazarov, Arsen. Нагорный Карабах: факты против лжи.
  5. "Winds of Change in Nagorno Karabakh ." Euronews. 28 November 2009.
  6. 6,0 6,1 De Waal, Thomas (2003). Black Garden: Armenia and Azerbaijan Through Peace and War. New York: New York University Press. s. passim. ISBN 0-8147-1945-7. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Ohanyan, Karine; Zarema Velikhanova (12 May 2004). «Investigation: Karabakh: Missing in Action – Alive or Dead?». Institute for War and Peace Reporting.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)