Nagorno-Karabakh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om det geopolitiske området. For utbrytarrepublikken, sjå Republikken Artsakh.
Nagorno-Karabakh mellom Aserbajdsjan og Armenia.

Nagorno-Karabakh[a] (‘Fjellrik svart hage’) er eit område i Aserbajdsjan som har vore okkupert av Armenia frå 1993 til 2023. Før området blei lagt att under Aserbajdsjan budde det rundt 145 000 menneske i området, hovudsakleg armenarar. Hovudstaden av den autonome republikken var Stepanakert. Delar av området som ikkje var under armensk kontroll er i hovudsak folkesett av aserbajdsjanarar og kurdarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sidan antikken har Nagorno-Karabakh vore ein del av andre, mektige statar, som Armenia, Kaukasisk Albania og Persarriket, før området blei overført til Russland ved Gulestan-freden ved slutten av den første russisk-persiske krigen i 1813. I 1822 blei området ein del av den russiske og seinare sovjetiske provinsen Aserbajdsjan. Tilflytting av armenarar førte til at denne folkegruppa var i fleirtal (76 %) då Sovjetunionen blei oppløyst i 1991, og krav om overføring av området førte til ei folkeavstemming i desember same året. Eit stort fleirtal stemte for sjølvstende frå Aserbajdsjan, men avstemminga blei boikotta av det aseriske mindretalet (23 %). Den aukande spenninga i området førte til valdsaksjonar mot armenarar i Aserbajdsjan og aseriar i Armenia, deretter flyktningestraumar begge vegar. I 2001 var 95 % av innbyggjarane armenarar. Konflikten førte etter kvart til open krig mellom Armenia og Aserbajdsjan. Med russisk hjelp kom partane fram til ei uoffisiell våpenkvile den 12. mai 1994. Våpenkvila gjeld enno, men situasjonen mellom dei to landa er framleis spent.

Nagorno-Karabakh var før okkupasjonen i praksis sjølvstendig, men svært tett knytt til Armenia. Til dømes var valutaen i området, dram, den same som i Armenia, og den tidlegare presidenten i Nagorno-Karabakh, Robert Kocharian, blei først statsminister (1997), og deretter president (1998) i Armenia. Men det internasjonale samfunnet ser stadig på Nagorno-Karabakh som del av Aserbajdsjan.[1]

I september 2023 blei republikken okkupert av aserbajdsjanske militærstyrkar. Dette førte til masseflukt av den armenske befolkinga. Ni månadar før okkupasjonen hadde Aserbajdsjan blokkert alle ferdselsårer rundt Nagorno-Karabakh, noko som skapte mangel på mat og medisin der.[2] Sjølv om flukta av den armenske befolkinga skjedde som fylgje av at flyktningane var redde for folkemord, fann det også stad tvangsutkastingar av armenarar. I bygda Vaghuhas avfyrte til dømes aserbajdsjanske soldatar skot i vêret og gav bygdefolket ordre om å dra til Armenia.[2][3]

Kart[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. aserbajdsjansk Dağlıq Qarabağ eller Yuxarı Qarabağär; på armensk Լեռնային Ղարաբաղ (Lernayin Gharabagh) eller Արցախ (Artsakh); på russisk Нагорный Карабах (Nagornyj Karabach)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nagorno-Karabakh