Nagurskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nagurskaja
RIAN archive 642075 Frontier station "Nagurskoye".jpg
ICAOUODN
Flyplasstypemilitær
OperatørRusslands luftforsvar Edit this on Wikidata
StadFrans Josefs land Edit this on Wikidata
Opna1947 Edit this on Wikidata
Høgd18 meter Edit this on Wikidata
Koordinatar80°48′8.38″N 47°40′10.02″E Edit this on Wikidata

Koordinatar: 80°48′0″N 047°44′0″E Nagurskaja (russisk Нагурская) er den nordlegaste grensevaktstasjonen i Russland. Stasjonen ligg på øya Aleksandra land i Frans Josefs land og er den einaste staden der det bur folk på heile øya. Stasjone har forlegning, lagerhus, garasjer, ein flyplass på 1400 meter og ei lita ortodoks trekirke.

Staden[endre | endre wikiteksten]

Nagurskaja ligg ydst i nordaust på den 1051 km² store øya Alexandraland. Øya er den vestligaste i øygruppa Franz Josef land, og dermed i nærheten av Svalbard. Administrativt tilhøyrer øyene Arkhangelsk oblast.[1]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er arktisk med lang og streng vinter. Sumaren er kort, kald og fuktig. Årleg middeltemperatur er -11,8 grader C. Den varmeste månaden er juli med gjennomsnittstemperatur på 0,9°C. Den kaldeste måeden er mars med -23°C gjennomsnittleg. Høgaste målte temperatur er 13 °C. Lavaste målte temperatur er -54 °C. Gjennomsnittleg årsnedbør er 295 mm. Vanleg vindretning er sørleg med gjennomsnittlig 5,6 m/s. Øya er snødekt fra midten av september til midten av juli.[2] Nagurskaja har midnattssol fra 11. april til 30. august[3] og flere månadar mørketid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrig i 1943 oppretta tyskerane den aller første vêrstasjonen, Wetterstation Schatzgräber. I 1944 måtte den evakuerast etter at besetningen hadde ete rått isbjørnkjøtt, og fått trikinose.[4]

Då krigen var over, oppgraderte russerane basen med flyplass i 1947. Navnet Nagursaja er etter den polsk-russiske flypionéren og polarforskeren Jan Nagórski (1888–1976). I 1914 hadde han, med utgångspunkt i Novaja Semlja flydd i retning Frans Josef land for å leite etter Nordpolsekspedisjonen med Sedov, Brussilov og Russanov.[4] Tidlig på 1960-tallet ble det bygd en by ved flyplasstripa[5] med status som polarstasjon. På 1980-tallet var det i tillegg til grensevakt, ein stab av vêrobservatørar, zoologar, geologar, ein kontingent frå luftvåpenet og ein kontingent frå marinen.[5]

23. desember 1996 styrta eit russisk Antonov An-72 under landing. Flyet vart ødelagd, men heile besetningen på 24 overlevde.[6]

Vêrstasjonen vart nedlagd i 1997.[2] Frå 2007 har basen gradvis vorte bygd opp att. I 2015 vart eit større arbeid sett ut på anbod for å gjera flyplassen heilårleg.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]