Namnet Lindås
Lindås (eldre skrivemåte Lindaas) er eit norsk gardsnamn og slektsnamn som er brukt fleire stader i landet, og har gjeve namn til Lindås kommune i Nordhordland.
Tyding
Sistedelen av namnet tyder 'ås' rett fram, men den første delen kan ha ulik tyding. Han kan ofte forklarast med at tretypen lind veks i området, men denne tydinga kan vanskeleg knyttast til område der det ikkje veks lind. I staden har ein tenkt seg at ordet viser til forma på åsen, til dømes at han er forma som eit band (norr. lindi) eller er svakt skrånande (adjektivet linn, som tyder 'svak' eller 'mild').[1]
Bruk
- Lindås i Nordhordland er ein gard, ein tettstad og ein kommune i Nordhordland. Det finst også gardar som heiter Lindås i Sande, Åmli, Flesberg, Sveio, Aure, Lenvik, Kongsberg og Asker kommunar.
Det er omlag 250 som har Lindås og 150 som har Lindaas som etternamn i Noreg.[2]
Fotnotar