Kongsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongsberg
Tettstad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Kongsberg
Areal 13,24 km²
Folketal  21 342 (2015)
Folketettleik 1 612 / km²
Innbyggjarnamn kongsbergensar
Preposisjon Kongsberg
Wikimedia Commons: Kongsberg
Baksida av Kongsberg kyrkje vert ofte teken for å vere framsida.
Glogerorgelet i Kongsberg kyrkje

Kongsberg er ein by og administrasjonssenter i Kongsberg kommune i Buskerud fylke. Byen ligg langs Numedalslågen nedst i Numedal, og er ein gammal bergstad. Byen har 21 342 innbyggjarar (2015).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kong Kristian IV grunnla byen Konningsberg og eit kongeleg sølvverk i 1624 etter at ein hadde funne sølv der. Det var visstnok barna Jacob Grosvold og Helga Værp som oppdaga sølvet ein sommardag dei var ute og geita eit år tidlegare. Til Kongsberg Sølvverk henta kongen tyskarar frå sølvgruvene i Sachsen og Harz. I tillegg kom det tyskarar frå andre gruver i Noreg.

Folketalet voks raskt, og Kongsberg var på eitt tidspunkt den nest største byen i Noreg etter Bergen. Innbyggjartalet både auka og minka i takt med ned- og oppgangstider i sølvverket.

Kongsberg hadde den første høgskulen i Noreg, som òg var den første i Europa innan bergverk. I dag har byen ein høgskule i tillegg til videregående skular og grunnskular.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Sene på Kirketorget under jazzfestivalen sumaren 2006

Kongsberg har mange festivalar, som til dømes Glogerfestspela, Kongsberg Jazzfestival har vore arrangert kvart år frå 1964. Musikkhuset EnergiMølla er Kongsberg si musikk- og kultur-scene. Her arrangerer fleire av kulturforeningane i byen førestillinger året rundt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]