Lind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lind


Status i Noreg: LC Livskraftig

Lind
Lind

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Malvales
Familie: Tiliaceae
Slekt: Tilia
Art: T. cordata
Vitskapleg namn
Tilia cordata

Lind (Tília cordata) er eit tre i lindefamilien som veks vilt i store delar av Europa og vestlege Asia.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Lindetre i oktober.
Lindefrø

Linda er eit stort lauvfellande tre med ei brei, kjegleforma krone. Stammen er kort og tjukk, og han delar seg i fleire konkurrerande toppskot. Barken er først gul (med raud lysside) og glatt. Seinare vert han meir ru og grå, og til slutt grå og oppsprukken i furer. Knoppane er spreidde, eggforma, store, raude og hårlause med to knoppskjel. Blada er runde til skeivt hjarteforma med fint takka rand og kort spiss. Oversida er mørkegrøn, mens undersida er blågrøn. Haustfargen er gul, men ganske kortvarig.

Treet blomstrar lang tid etter lauvsprett i juli med gulkvite 5-talsblomstrar i fåblomsta halvskjerm. Blomstrane er samla i små kvastar, og inneheld mykje honning. Dei utviklar etter befruktinga nøtter med vingar, som modnast godt og spirer villig. Rotnettet er oppbygd med ei kraftig, loddrett pælerot, eit hjarteformasystem av hovudrøter, og eit tett forgreina nett av finrøter i overflata.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Linda finst i edellauvskog i nesten heile Europa, men er totalt fråverende på Irland og Island. Ho veks heller ikkje i dei nordlege delane av Skandinavia. I Noreg er ho nokså vanleg i kyst- og fjordstrok nord til Norddal kommune og Stranda kommune. Verdas nordlegaste førekomst for lind er i Brønnøy kommune.

Lind var eit dominerande tre i europeiske skogar før den yngre steinalderen, men har seinare blitt sjeldnare på grunn av menneskeleg aktivitet.[2]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Lindebast er særleg seig og ligg i tynne lag rundt stamma. Den har vorte brukt til tau. Lindebasten vert flekt av unge tre og renningar om våren. Så ligg den nedsenkt i vatn til hausten. Då vert den oppteken, reinska og oppdelt i tynne bastfibrar. Av desse vert det så slege tau. Den arbeidskrevjande prosessen gjer at dette vert svært dyrt.

Alt i yngre steinalder vart lindebast brukt til til dømes fiskegarn. Ein båt frå eldre jarnalder som vart funne i Danmark, Hjortspringsbåten, var bygd av bord av lind sauma saman med lindebast. Ut i frå arkeologiske funn ser det ut til at vikingskip i stor grad har vore rigga med bastetau av lind, i tillegg til hamp og hestetagl. Under rigging av vikingskipkopiar har det òg vorte prøvt med bastetau. Tradisjonen med reipslaging av lindebast kunne ein finne i Noreg til etter 2. verdskrigen.

Lindeveden er mjuk, og høver godt til treskjering og dreiing.

Silvevet i lind er blitt brukt til å baka brød med.[2] Unge blad kan etast[3] eller brukast som fôr til dyr. Lind blir ofte beita av storfe.[4] Lindeblomar er blitt brukte til urtete og i urtemdisin som sveittedrivande middel. Dei er også ei viktig nektarkjelde for honningbier,[1] og honning laga av lindeblomar er rekna som særs velsmakande.[4] Sevja kan brukast til å vinna ut sukker.[4]

Linda er mykje brukt som prydtre igjennom heile Europa, og har særleg vore planta til å forme alléar. Eit kjent døme på det er gata Unter den Linden i Berlin. Linda som vert planta i parkar og langs vegar kan vere Tilia cordata, men er like ofte parklind, ei kryssing mellom T. cordata og ein meir sørleg art.

Linda er særmerkt ved at ho toler beskjering betre enn noko anna tre. Gartnaren kan derfor forme treet i stor grad.

Lind i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Lind er nasjonaltreet til både Tsjekkia, Slovakia og Slovenia.[5][6]

Carl von Linné sitt slektsnamn er inspirert av det store lindetreet som stod på familiegarden deira.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Lind», Den virtualla floran, http://linnaeus.nrm.se/flora/di/tilia/tilia/tilicor.html, henta 27. januar 2016 
  2. 2,0 2,1 Michael Allaby, ed. (2006), A Dictionary of Plant Sciences, Oxford University Press, ISBN 9780198608912, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780198608912.001.0001/acref-9780198608912-e-6845 
  3. Vernon, J. (2007). Fruits of the forest. The Garden November 2007: 738. Royal Horticultural Society.
  4. 4,0 4,1 4,2 Grieve, M. «Lime Tree». Botanical.com. https://www.botanical.com/botanical/mgmh/l/limtre28.html. 
  5. Aberystwyth University campus walks tree directory, Aberystwyth University sports centre, s. 9, http://www.aber.ac.uk/en/media/tree-walk-booklet.pdf, henta 2011-08-14 
  6. «The linden tree - a tree of friendship, love and loyalty», slovenia.si
  • Johannes Lid (1974): Norsk og svensk flora.
  • Knut Fægri 1969: Norges planter
  • Bohumil Kucera og Ragnar M. Næss: TRE naturens vakreste råstoff.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lind