Nannestad prestegard

Koordinatar: 60°12′59″N 11°00′26″E / 60.216467°N 11.007357°E / 60.216467; 11.007357
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°12′59″N 11°00′26″E / 60.216467°N 11.007357°E / 60.216467; 11.007357

Nannestad prestegard
Foto: Erlend Bjørtvedt

Nannestad prestegard ligg nordaust for Nannestad kyrkje, på vestsida av fylkesveg 120.

Akkurat som kyrkja har prestegarden røter attende til mellomalderen. Det skal finnast ei bygningskjerne frå 1793–94[1], men heile prestegarden vart teken ned i 1880 og ført opp att på ny grunnmur. Eit tilbygg med veranda er frå 1902. I 1984 vart det gjort framlegg om å frede prestegarden, men det vart trekt attende, ettersom bygningen har vorte forandra, ikkje minst innvendig. Riksantikvaren har i staden gjort framlegg om å regulere uteområdet til spesialområde for bevaring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysningsvesenets fond

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nannestad prestegard
Spire Denne Vikenartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.