Nannestad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°12′48.017″N 11°0′10.379″E

Nannestad kyrkje
kyrkje
Nannestad kirke 20120527-51.JPG
Nannestad kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Øvre Romerike
Sokn Nannestad
Fellesråd Nannestad
Type Langkyrkje
Material Stein og tre
Innvigd Opphavleg i mellomalderen, men bygd om i 1693 (og vigsla 29. september)
 - Vigd til Døyparen Johannes (opphavleg)
 - Endringar Pussa opp i 1946 under leiing av ark. Ragnar Nilsen
Takryttar Frå 1693, oppført av Andreas Holsteiner
Portal Gjenmurt portal i sør
Kor Rett avslutta
Skip Einskipa med orgelgalleri ved inngangen i vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol I tre, frå 1692, av Povel Erichsen
Døypefont I kleberstein, frå 1140-åra, med runeinskripsjon
Altartavle Altartavle 1693 av Povel Erichsen: Moses og Aron, Matteus og Markus, Lukas og Johannes. Nyare del U. Hendriksen og E. Weiglin 1946, Kristi himmelferd
Sitjeplassar 206
Wikimedia Commons: Nannestad kirke

Nannestad kyrkje er ei langkyrkje i Nannestad kommune i Akershus fylke — opphavleg frå mellomalderen, men bygd om i 1693. Kyrkja er bygd i mur og utvida dels med tre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den noverande kyrkja inneheld delar av ei romansk steinkyrkje som er nemnt i soga om Håkon Håkonsson, men ho vart vesentleg bygd om og utvida i 1693. Etter tradisjonen vert døra på sørveggen kalla Birkebeinerporten etter at Lodin Gunnesson flykta inn i kyrkjerommet (som var ein gridstad) i spissen for ei gruppe tapande birkebeinarar etter slaget på Låke. Men heile sørveggen vart bygd i 1692–93, så han fanst ikkje i 1240, då slaget stod. Portalen var i bruk nokre år etter ombygginga i 1693, men vart murt igjen tidleg på 1700-talet.[1]

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Då kyrkja vart utvida, vart det opphavlege grunnplanet med einskipa, rektangulært skip og eit lågare og smalare kor teke vare på. Ved inngangen i vest vart det oppført eit våpenhus i utmurt bindingsverk. I 1721 vart det bygd eit sakristi på nordsida av koret. Kyrkja har ein åttekanta takryttar med høg hjelm oppført av Andreas Holsteiner.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Interiør
Foto: Hans A. Rosbach

I 1946 fekk kyrkja nye farger etter ei restaurering under leiing av arkitekt Ragnar Nilsen og målar Ulrik Hendriksen. Dei bøygde benkevangane frå 1800-talet vart òg skifta ut med rette vangar, og preikestolen vart forsynt med eit tak.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Altartavla er frå 1693 og preikestolen frå 1692 — begge av tre og snikra av Povel Erichsen. Døypefonten i kleberstein har runeinnskrift og er frå 1140-åra. Over døypefonten er ei due som kjem frå ein tidlegare døypefonthimling. Krusifikset over korbogen, som er laga etter mønster av krusifikset i Mosvik kyrkje i Trøndelag, vart gjeve i gåve av gardbrukar Karl Laache i 1954. Krusifikset er laga av ein biletskjerar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider.

Orgel[endre | endre wikiteksten]

Orgelet vart bygd av Rieger Orgelbau Gmbh i Austerrike i 2007.[2] Det erstatta eit elektropneumatisk orgel frå 1954, bygd av J.H. Jørgensen i Oslo. Dette orgelet erstatta i sin tur eit orgel frå 1873 som vart bygd av Brantzæg. Orgelet i Nannestad er mellomstort med 23 stemmer fordelt på to manual og pedal. I tillegg er svellverket frå det gamle orgelet tatt i bruk som fjernverk. Til saman har organisten 30 stemmer til disposisjon.

Orgelet er bygd med mekanisk traktur, det vil seie med mekanisk overføring frå tangentane til ventilane som slepp luft til pipene, med unntak av fjernverket, som er elektrisk betjent. Registreringa av orgelet er Riegers eigen konstruksjon, og er datastyrt. Orgelfasaden frå Jørgensenorgelet frå 1954 er behalden.


Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Skildringa av kyrkja, interiøret og inventaret har som kjelde Christie, Sigrid og Håkon: «Norges kirker, Akershus, bind 2», Oslo 1969, side 293-301.
  2. Rieger Orgelbau Gmbh