Nanterre
Nanterre | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Hauts-de-Seine | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
12,19 km² | ||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
86 700 7 112/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 30 m | ||
Diverse anna | |||
Nettstad: www.mairie-nanterre.fr |
Nanterre er ein kommune i dei vestlege forstadane av Paris i Frankrike. Han ligg 11,1 km frå Paris sentrum og om lag 3 km frå byen Paris, men har eigen bystatus. Nanterre er préfecture (administrasjonssenter) i departementet Hauts-de-Seine i regionen Île-de-France, i tillegg til setet i Arrondissementet Nanterre. Innbyggjarar i Nanterre vert kalla Nanterriennes (kvinner) og Nanterriens (menn).
Forretningsstrøket La Défense ligg i dei austlege delane av Nanterre og har nokre av dei høgaste bygningane i Paris-området. Mange store selskap har hovudkvarter i dette distriktet, og rettssalen i Nanterre er kjend i media for å handsame mange høgprofilerte søksmål og rettssaker. I byen ligg òg universitetet Université Paris X - Nanterre, eit av dei største universiteta i området rundt Paris.
Heilage Geneviève, vernehelgen for Paris, vart fødd i Nanterre om lag år 419-422.[1]
I 2002 skaut og drap ein misnøgd lokal aktivist åtte bystyremedlemmar i det som den franske pressen kalla Nanterre-massakeren.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Katolsk leksikon St. Genevieve