Narew
| Narew | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 75 175 km² | ||
| Lengd | 484 km | ||
| Kjelde | Belarus | ||
| Munning | Vistula | ||
![]() Narew 52°43′56″N 24°20′27″E / 52.7321°N 24.3409°E | |||
| Wikimedia Commons: Narew | |||
Narew (gamalprøyssisk og litauisk Naura, belarusisk Нараў) er ei elv som renn i vestlege område av Belarus og nordaustlege delar av Polen. Ho er ei av sideelvene til Vistula og med ei lengd på 484 km (36 km i Belarus og 448 i Polen) er ho den femte lengste elva i Polen. Nedslagsfeltet er 75 175 km² (58 873 i Polen).
Narew spring ut i Belarus og munnar ut i Vistula i Polen. Delen av elva mellom Zegrzereserovaret, der ho tek imot Vestre Bug, og Vistula, vert stundom kalla Narwio-Bug.
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]
Historisk
[endre | endre wikiteksten]6. september 1939 prøvde den polske hæren å nytte Narew som forsvarslinje mot dei tyske angrepa under invasjonen av Polen i 1939. Forsvarslinja vart gjeve opp dagen etter og dei flytta bakover til Vestre Bug sidan dei tyske styrkane allereie hadde brote gjennom forsvaret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Narew River» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2007.
