Nasebrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Røntgenbilete av nasebrot
Ei broten nase med nasebløding etter ei rugbyulukke

Nasebrot eller nasefraktur, oftast omtalt som ei broten nase, er eit knokkelbrot i eit av nasebeina. Sidan nasen stikk ut frå andletet, og sidan knoklane i nasen er skjøre, så er nasebrot ein av dei vanlegaste andletsskadane, og utgjer nesten 40% av alle andletskadar.[1][2]

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Nasebrot skuldast alvorleg trauma mot andletet. Vanlege årsaker inkluderer sportsskadar, slåsting, fall og bilulukker i yngre aldersgrupper, og fall frå uviting eller nedsatt balanse i eldre aldersgrupper.[1][3]

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Vanlege symptom inkluderer blåmerker, heving, ømheit, smerte, misdanning og/eller bløding frå nasen og naseregionen. Personen kan få pustevanskar og overdriven nasebløding viss naseslimhinna vert skada. Personen kan òg få blåmerke rundt augene.

Handsaming[endre | endre wikiteksten]

Mindre nasebrot kan lækjast av seg sjølv viss det ikkje er monalege kosmetiske misdanningar. Is og smertestillande kan skrivast ut for å lindre ubehag under lækjeprosessen. Nasebrot med store misdanningar krev ofte manuell innretting, og har oftast gode resultat.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Nesebrudd». Norsk Helseinformatikk, nhi.no (Norsk Helseinformatikk, nhi.no). 12. mars 2013. Henta 13. desember 2014. 
  2. MayoClinic.com. "Broken nose", henta 16. oktober 2008
  3. Bremke M, Gedeon H, Windfuhr JP, Werner JA, Sesterhenn AM (November 2009). «Nasal bone fracture: etiology, diagnostics, treatment and complications». Laryngorhinootologie 88 (11): 711–6. 
  4. «Nesebrudd - Behandling». Norsk Helseinformatikk, nhi.no (Norsk Helseinformatikk, nhi.no). 12. mars 2013. Henta 13. desember 2014.