Nash Motors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nash Motors


Org.formAksjeselskap
BransjeBilindustri
Skipa1914
HovudkontorKenosha
LandUSA
Produktfarkost
Grunnleggjar(ar)Charles Williams Nash
Nash 400 de Luxe, 1936-modell.

Nash Motors Company var ein USA-amerikansk bilprodusent i Kenosha i Wisconsin. Selskapet var sjølvstendig frå oppstarten i 1916 til 1937. Frå 1937 til 1954 dreiv Nash Motors vidare som ei avdeling av konsernet Nash-Kelvinator Corporation.

Nash introduserte i 1938 eit bilvarme- og ventilasjonssystem som framleis vert brukt. Bilprodusenten tok i 1941 i bruk den såkalla unibody-konstruksjonen og monterte i 1950 setebelte i bilane.

I 1954 slo Nash Motors og Hudson Motors seg saman og danna American Motors Corporation. Under bilmerket AMC var bilfabrikken i Kenosha i drift til 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nash Motors