Kenosha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenosha
by
Land  USA
Stat Wisconsin
Areal 72,202608 km²
Folketal 99 986  (folketeljinga 2020)[1]
Kart
Kenosha
42°34′56″N 87°50′44″W / 42.582222222222°N 87.845555555556°W / 42.582222222222; -87.845555555556
Wikimedia Commons: Kenosha, Wisconsin

Kenosha er ein by lengst søraust i delstaten Wisconsin i USA, administrasjonssete for Kenosha County. Folketalet er kring 100 000, noko som gjer byen til den fjerde mest folkerike i Wisconsin. Kenosha ligg på sørvestbreidda av Michigansjøen, om lag midtvegs mellom Chicago og Milwaukee.[2] Hovudvegen Interstate 94 gjev Kenosha samband med begge storbyområda.

Kenosha var i lang tid eit industrisenter. Store bilfabrikkar dreiv den lokale økonomien størstedelen av 1900-talet.[3] Den siste av desse fabrikkane vart lagt ned i i 1980-åra. Gradvis gjekk byen over til eit tenestebasert næringsliv. Hovudkontora til verktøyprodusenten Snap-on Inc. og kledefirmaet Jockey International ligg i Kenosha.[4]

Filmskaparen Orson Welles var frå Kenosha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kenosha city, Kenosha County, Wisconsin». United States Census Bureau. Henta 30. april 2022. 
  2. «Getting To Kenosha | Directions, Road Conditions & Maps», www.visitkenosha.com, henta 5. oktober 2023 
  3. Kirk, Benny (20. november 2021). «Looking Back at a Time When Kenosha, Wisconsin, Was a Mo-Town Satellite City». autoevolution.com. Henta 10. desember 2021. 
  4. Dill, Molly (21. mai 2018). «Wisconsin has 9 companies on 2018 Fortune 500 list». biztimes.com. BizTimes Media. Henta 21. mai 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kenosha