Nassereddin Shah-relieffet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nassereddin Shah-relieffet

Nassereddin Shah-relieffet, òg kjend som Shekl Shah og Shekl-e Shah (persisk شکل شاه) er eit klipperelieff tinga av Naser al-Din Shah Qajar kring 1879, som syner sjahen til hest omgjeve av ti ståande ministrar. Det er det siste i ein tradisjon av store klipperelieff tinga av iranske herskarar.[1] Det ligg langs Haraz-vegen oppom Harazelva, kring 60 km frå Amol i Mazandaran i Iran[2] og nær ein eldgamal sassnideveg.[3] Verket vart tinga etter at det vart bygt ein ny veg her i 1879.[4]

Relieffet er hogd ut i ei rame som er åtte meter lang og fire meter høg. Det har ein inskripsjon av poetiske vers på persisk.[5] Russiske soldatar nytta dette relieffet som mål under skyteøvingar under andre verdskrigen.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nassereddin Shah-relieffet