Mazandaran
Provinsen Mazandaran | |||
اُستان مازندران | |||
provins | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | 16 | ||
Koordinatar | |||
Hovudstad | Sari | ||
Areal | 23 842 km² | ||
Folketal | 2 922 432 (2010) [1][2] | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
Hovudspråk | Mazandarani[3] | ||
![]() Mazandaran | |||
Wikimedia Commons: Mazandaran Province | |||
Provinsen Mazandaran (persisk اُستان مازندران, Ostan-e Mazandaran) er ein provins ved Kaspihavet, nord i Iran.[4] Han ligg ved sørkysten av Kaspihavet, og med klokka grensar han til Golestan, Semnan, Tehran, Alborz, Qazvin og Gilan. Sari er den største byen og hovudbyen i provinsen.
Mazandaran er ein av dei tettast folkesette provinsane i Iran[5] og har forskjellige naturressursar, særleg store olje- og naturgassreservoar.[6] Dei fire største fylka i provinsen er Sari, Babol, Amol og Qaemshahr.[7] Provinsen vart grunnlagd i 1937 og han vart erklært den andre moderne provinsen etter naboprovinsen Gilan.
Naturen er variert med sletter, præriar, skogar og regnskogar[8] som strekkjer seg frå sandstrendene ved Kaspihavet til dei kuperte og snødekte Elburz,[9] inkludert Damavand, eit av dei høgaste fjella og vulkanane i Asia.[10].
Mazandaran er ein stor produsent av oppdrettsfisk,[11] og akvakultur er eit viktig økonomisk bidrag til det tradisjonelle jordbruket.[12] Ei anna viktig næring er turistindustrien og folk frå heile Iran kjem og vitjar dette området.[13] Mazandaran er òg eit blømande senter for bioteknologi[6] og ingeniørvitskap.
Det har budd menneske i området i minst 75 000 år.[14][15] Nyare utgravingar i Goher Tippe synte at området har vore urbanisert i meir enn 5000 år og området vert i dag rekna som ein av dei viktigaste historiske stadane i Iran.[16] Han har spelt ei viktig rolle i kulturell og urban utvikling i regionen.[17]
Innfødde folk i regionen omfattar dei etniske mazanderanarane[18] som snakkar eit iransk språk som liknar med på gilaki og sangiseri.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Det er ofte snøfall i Elburz-området, som går parallelt til sørkysten av Kaspihavet. Fjella deler provinsen i mange isolerte dalar. Provinsen har eit moderat, subtropisk klima med ein middeltemperatur på 25 °C om sommaren og kring 8 °C om vinteren. Det kan falle mykje snø i fjella om vinteren, men sjeldan ved havnivå.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mazandaran Province» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1] National Census 2006
- ↑ [2]
- ↑ 3,0 3,1 Maryam Borjian - Bilingualism in Mazandaran: Peaceful Coexistence With Persian.
- ↑ Keddie, N. R.; 1968; The Iranian villages before and after land reform. Journal of Contemporary History, 3(3), 69–78.
- ↑ Statistisk senter, styresmaktene i Iran. Sjå "General Characteristics of Ostans according to their administrative divisions at the end of 1383 (2005 CE)", "Population estimation by urban and rural areas, 2005"
- ↑ 6,0 6,1 University of Mazanderan
- ↑ Census Results, 2006: Sari: 490.830, Babel: 464.535, Amel: 343.747, Shahi: 293.721.
Iranian 2006 Census Website, Information File (på persisk) - ↑ Springer Netherlands; July 10, 2005; Contributions to the knowledge of the useful plants and plant raw materials of Iran; ISSN 0921-9668
- ↑ Mazandaran, Geography & History
- ↑ Elburz i Encyclopædia Britannica
- ↑ Freshwater Fishes of Iran; Revised: 12 July 2007
- ↑ Encyclopædia Britannica, Entry for Mazandaran
- ↑ [3] (persisk)
- ↑ Mazandaran setting up Iran's first cave museum; London; 22. juli 2006 av IranMania
- ↑ IRAN Daily Caspian Region
- ↑ Parthia News, November 6, 2005.
- ↑ Payvand, 400 Historical Sites Discovered within 7 Days in Mazandaran
- ↑ CHN Page for Mazandaran