National

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sportsklubben Nationalkameratene, til dagleg kjend som National, er eit idrettslag i Trondheim stifta 21. mai 1920. Idrettslaget er aktivt med i fotball og handball, tidlegare hadde ein også friidrettsavdeling. National spelar i mørkeblå skjorter med raude ermar, bukser, strømper.

National har sidan 1968 vore heimehøyrande i bydelen Byåsen og skulekrinsen Hallset. Før den tid hadde laget base på Lademoen i Trondheim. National deltok i Norgesserien i fotball 1937 til 1940. I nyare tid gjesta fotballaget i 1998 nivå tre i seriesystemet. År 2019 spelte National på nivå seks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]