Navlesvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Navlesvin
Collared peccary02 - melbourne zoo.jpg
Utbreiing
Utbreiinga av Navlesvin
Utbreiinga av Navlesvin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Underorden: Suina
Familie: Navlesvin Tayassuidae
Palmer, 1897

Navlesvin (Tayassuidae), òg kalla pekarie eller javeline, er ein familie av klauvdyr (Artiodactyla) som høyrer heime i Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Linjene som førte fram til navlesvin (Tayassuidae) og andre svin (Suidae) skilde truleg lag under sein eocen, altså for cirka 37,2–33,9 millionar år sidan.[1]

Navlesvin liknar på dyra i svinefamilien, men skil seg også frå desse på fleire område. Navlesvina har blant anna kortare hale, med maksimalt sju virvlar. Artene har òg kortare lemmar og kortare hjørnetenner. Resten av hjørnetennene går også rett nedover i munnen. Navlesvin har elles ein kjertel bakarst på ryggen som dei kan senda ut eit sterkt luktande sekret frå som dei bruker til å markera. Denne opninga minner om ein navle, og dette har gjeve dei namnet navlesvin. Navlesvin har ein trekamra mage som er meir kompleks enn svinemagen.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Familien omfattar tre kjende arter i to slekter. I Brasil er det likevel nokså nyleg oppdaga eit navlesvin som kunne tenkjast å vera ei fjerde art. På norsk fekk det namnet kjempepekari, fordi det var større enn dei andre artene.[2] Arten blei først oppdaga i januar 2000, men opplysninga blei halden tilbake av omsyn til vidare undersøkingar. Dyret skil seg frå dei andre tre artane gjennom både å vera større (ca. 130 cm lang og omkring 40 kg tung) og gjennom å mangla det karakteristiske «halsbandet». I seinare tid har andre argumentert for at kjempepekarien berre er ein lokal variant av halsbandpekarien (Pecari tajacu). Dette har blant anna spesialistane ved IUCN gått ut frå.[3]

Forsking med mitokondrielt DNA støttar teorien om tre slekter; Tayassu, Chacoan og Pecari. Tilhøvet mellom slektene er likevel framleis uavklart og treng meir forsking.[3] Pecari tajacu blei tidlegare rekna til slekta Tayassu, men er altså omklassifisert.

Kvitleppa pekari
Halsbandpekari
Chacopekari
  • Tayassu
    • Kvitleppa pekari (Tayassu pecari), òg kjend som bisamsvin, bisamnavlesvin, moskussvin og kvitskjegga pekari
  • Pecari
    • Halsbandpekari (Pecari tajacu), òg kjend som halsbandnavlesvin og skunksvin
    • Kjempepekari (Pecari maximus), kan vera eit synonym for Pecari tajacu[3]
  • Chacoan
    • Chacopekari (Catagonus wagneri), òg kjend som wagnernavlesvin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Orliac, M. J., Antoine, P.-O. & Ducrocq, S. (2010a). Phylogenetic relationships of the Suidae (Mammalia, Cetartiodactyla): new insights on the relationships within Suoidea. Zoologica Scripta, 39, 315–330.
  2. Peter Carstens. 2005. Forscher entdecken neuen Großsäuger. GEO.de
  3. 3,0 3,1 3,2 Gongora, J., Reyna-Hurtado, R., Beck, H., Taber, A., Altrichter, M. & Keuroghlian, A. 2011. Pecari tajacu. The IUCN Red List of Threatened Species. Version 2014.2. Besøkt 2014-09-14

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Navlesvin