Nefoskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit nefoskop frå 1905

Eit nefoskop er eit apparat til å avgjere retninga og farten til skyene. Ofte vert det nytta eit horisontalt gitter, ei skyrive, som kan dreiast, og som er plassert nokre meter over observatøren. Andre gonger vert det nytta ein spegl med gradinndeling og konsentriske sirklar.

Ein nyttar sjeldan slike visuelle observasjonar i dag, sidan ein nyttar radiosondar til direkte vindobservasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«nefoskop» i Store norske leksikon, snl.no.