Negativt tal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Negative tal er tal som er mindre enn null, som til dømes −3, −6 og −163. Når eit tal er negativt blir det skrive med eit minusteikn føre. Når negative tal blir skrivne inn i eit reknestykke er det ofte at det negative talet blir skrive i parentes sidan det ikkje er lov å ha fleire rekneteikn etter kvarandre. Skalaen kan samanliknast med ein celsiusgradestokk.

Number-line.gif

Utrekning av negative tal i eit reknestykke[endre | endre wikiteksten]

  • To like teikn kan erstattast med + (pluss)
  • Ulike teikn kan erstattast med − (minus)

Døme: 5+(−3) = 5−3 eller 5−(−6)= 5+6

I gonge- og delestykke reknar ein stykka vanleg. Resultatet av reknestykket er då anten negativt eller positivt. Viss reknestykket inneheld både eit negativt tal og eit positivt tal, blir svaret negativt. Inneheld reknestykket to negative tal blir svaret positivt.

Døme: 5*(−5)=(−25) eller −5*(−5)= 25

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]