Celsius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Temperaturomrekningsformlar
Omrekning frå til formel
celsius fahrenheit °F = (°C · 9/5) + 32
fahrenheit celsius °C = (°F − 32) · 5/9
celsius kelvin K = °C + 273,15
kelvin celsius °C = K − 273,15
fahrenheit kelvin K = (°F + 460) · 5/9
kelvin fahrenheit °F = (K · 9/5) − 460
Fleire formlar for temperaturomrekning

Celsius eller grad Celsius er ei måleining for temperatur. Eininga vert nytta for å uttrykke temperatur på celsiusskalaen, og er kalla opp etter den svenske forskaren Anders Celsius (1701-44), som i 1742 fastsette skalaen etter smeltepunktet og kokepunktet til vatn under normalt trykk ved havoverflata. Han sette kokepunktet til 0 °C og smeltepunktet til 100 °C. I 1747 kalla Carl von Linné skalaen opp etter Celsius og bytta samstundes om punkta, slik at smeltepunktet no er 0 °C og kokepunktet er 100 °C.

I fysikken er temperaturskalaen no definert i høve til det absolutte nullpunktet, der all termisk aktivitet har tatt slutt og alt som finst av uro er dei små feila i krystallstruktur som kan oppstå under frysing. Eininga på temperaturskalaen er kelvin (K). Storleiken av trinna på skalaen er den same som Celsius brukte — 1/100 av avstanden mellom smeltepunktet og kokepunktet til vatn — men nullpunktet er definert som fråveret av termisk aktivitet, som inntreff ved −273,15°C eller 0 K. Smeltepunktet for vatn er dermed +273,15 K, og kokepunktet er +373,15 K.

Skrivemåte[endre | endre wikiteksten]

Som med dei fleste andre måleiningar, skal det vere mellomrom mellom verdien og eininga: 200 °C. Viss det framstår frå konteksten at det er snakk om grader Celsius, er det òg mogeleg å skrive kortforma 200º, og i såfall skal det ikkje vere mellomrom føre gradsymbolet.[1]

Det er vanleg å skrive eininga som to teikn: gradsymbolet (Unicode: U+00B0, HTML: °) følgd av ein vanleg C. I Unicode finst det òg eit eige teikn for «grader celsius»: U+2103 (DEGREE CELSIUS), som ser slik ut: ℃.

Omrekningstabell mellom dei forskjellige einingane[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Språkrådet. Svar på språkspørsmål. Vitja 16. feb. 2012.