Neith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neith

MorMehet-Weret
FarNun
BarnSobek, Apep

Neith eller Neit var ei morgudinne i den tidlege egyptiske mytologien, særleg i området ved nedre Nilen.[1]

Neith blir omtalt i ulike periodar av det gamle egyptiske riket som mor til ulike gudommar, til dømes Sebek. Den vonde draken Apep blei skapt av spyttet hennar. Statusen hennar i høve til dei andre gudane blir verande uklar, og nettsom med mange andre egyptiske gudar blei kulten hennar gradvis overgått av den til andre gudommar. Neith blei av og til knytt til jakt og krig, men opptrer òg i samband med gravferdsritar.

Ho var ein psykopomp, ein rettleiar til livet etter døden. Ho var òg vernar for veving. Binda som blei vikla kring mumiar var rekna som ei gåve frå Neith.

Kulten kring Neith hadde sentrum i Sais i Nildeltaet i den seinare perioden. Ho blei avbilda med krona til Nedre Egypt, og dessutan med pil og boge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hart, George (1986). A Dictionary of Egyptian Gods and Goddesses. Routledge. ISBN 0-415-05909-7.