Nem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nem
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 4 230 km²
Lengd 260 km
Middelvassføring 37,3 /s
Munning Vytsjegda

Nem (russisk Нем) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Vytsjegda frå venstre.

Ho er 260 km lang og har eit nedslagsfelt på 4 230 km². Ho frys til i november og vert isfri att i mai. Middelvassføringa hennar 16 km frå munningen er 37,3 m³/s.

Dei største sideelvane hennar er Kukju og Eun frå venstre og Zakuban frå høgre.

Ho spring ut søraust i Komi på grensa til Perm kraj og renn vestover. Elva er svingete og mottar mange sideelvar. Elvebreidda er særs myrlendt. Tidlegare vart elva nytta til tømmerfløyting.

Elva munnar ut i Vytsjegda i landsbyen Ust-Nem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]