Nervus accessorius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løpet til n. accessorius til venstre på biletet.

Nervus accessorius (frå latin: «tilleggsnerven»), på norsk òg kalla den ellevte hjernenerven, eller nervus vagus sin hjelpenerve, er ein motorisk hjernenerve som innerverer m. trapezius og m. sternocleidomastoideus. Tidlegare trudde ein at delar av nerva kom frå hjernen, og han blir derfor rekna som ein av dei tolv hjernenervane. Sidan han er den nest nedste hjernenerven som går ut, så har han fått talet som den ellevte hjernenerven.

N. accessorius spring ut frå dei fem til seks øvste halssegmenta av ryggmergen. Sidan nerverøtene går ut mellom dorsal- og ventralhornet frå den grå substansen i ryggmergen så klassifiserer ein det som ei spesiell somatisk motorisk nerve.[1] Han går så opp gjennom foramen magnum i skallen, langs skallebasis og ned gjennom foramen jugulare saman med nervane n. glossopharyngeus, n. vagus og vena sinus sigmoideus. Så følgjer han vena jugularis nedover halsen og går ned til m. sternocleidomastoideus og gir motorisk innervasjon til heile den, og så ned til m. trapezius og innerverer den øvre delen. Den nedste delen blir teke av spinalnervar frå C3-C4.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Blumenfeld, Hal: Neuroanatomy through Clinical Cases, s. 354 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 18. oktober 2012, henta 14. desember 2012