NetLander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein NetLander er eit landingsfarty konstruert for landing på Mars. CNES (Den franske romfartsorganisasjonen) og ESA (Den europeiske romfartsorganisasjonen) hadde planar om å i år 2007 eller år 2009 senda opp eit banefartøy og fire små «netlandarar». Netlandarane skulle landa på fire forskjellige plassar på Mars og hatt med seg mellom anna seismometer, bakkepenetrerande-radar, og dei første mikrofonane på marsoverflata.

Landarane sitt oppdrag ville ha vore å ta bilete av landingsplassen og å utforska den indre strukturen og atmosfæren til Mars. Oppdraget til banefartøyet ville ha vore å ta bilete frå banen rundt Mars og senda tilbake informasjonen og bileta frå netlandarane.

CNES og ESA kansellerte ferda fordi prosjektet vart for dyrt; begge organisasjonane hadde allereie planar om å senda andre banefartøy og landarar i prosjekt som til dømes ExoMars.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]