Den europeiske romfartsorganisasjonen
- «ESA» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå ESA (fleirtyding).
Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) er ein europeisk romfartsorganisasjon grunnlagd 31. mars 1975. [1] Formålet med organisasjonen er eit fredeleg samarbeid om å utnytte verdsrommet til forsking og næring. Organisasjonen har 22 medlemsland i tillegg til to assosierte medlem (Slovenia og Latvia). Canada er med i ein del av samarbeidet[2]. Organisasjonen har hovudkvarter i Paris i Frankrike. Operasjonssenteret, ESOC, ligg i Darmstadt i Tyskland.
Per februar 2005 hadde ESA 1907 tilsette. Budsjettet for 2013 var på omtrent 4282 millionar euro,[3] ein auke frå 2904 millionar euro i 2006. Inntektene til ESA kjem ifrå medlemslanda og står i forhold til kvart land sitt BNP. I tillegg køyrer ESA ei rekkje valfrie program som medlemsland kan velja om dei vil delta på.[4]
Medlemsland[endre | endre wikiteksten]
Austerrike
Belgia
Danmark
Estland
Finland
Frankrike
Hellas
Irland
Italia
Luxemburg
Nederland
Noreg
Polen
Portugal
Romania
Spania
Storbritannia
Sveits
Sverige
Tsjekkia
Tyskland
Ungarn
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad
- ESA på YouTube
Denne astronomiartikkelen som har med Europa å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.