Neufchâteau
| Neufchâteau | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Land Region Departement |
Frankrike Grand Est Vosges | ||
| Flatevidd | 31,94 km² | ||
| Flatevidd • By |
23,81 km² | ||
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
7 533 316/km² | ||
| Koordinatar | 48°21′N 05°42′E / 48.350°N 5.700°E | ||
| Høgd | 289 m | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
| Postnummer | 88300 | ||
| Nettstad: www.ville-epinal.fr | |||
Neufchâteau er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vosges i regionen Grand Est, og har om lag 7 500 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Neufchâteau er ein av dei eldste byane Lorraine. I romartida låg kjøpstaden Noviomagus her langs vegen mellom Lyon og Trier. Dietrich II, hertug av Lorraine bygde eit slott her på 1000-talet. I 1094 var byen kalla Novum Castrum.
Neufchâteau vart ofte vald som møtestad når ein skulle løyse konfliktar mellom Frankrike og Lorraine. Det var her hertuginne Christine samla États généraux i 1546. I 1436 vart byen gjeve bort til Burgund i byte mot at hertug René I av Anjou skulle sleppast fri. Kardinal Richelieu reiv ned bymurane på 1600-talet.
Med den franske revolusjonen vart Neufchâteau (under namnet Mouzon-Meuse) underprefektur i Vosges.