Lyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lyon
Berges du Rhône.JPG
Flagget til Lyon Byvåpenet til Lyon
Flagget til Lyon Byvåpenet til Lyon

Motto
«Avant, avant, Lion le melhor»
(Fram, fram, Lyon den beste)
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Rhône-Alpes
Rhône
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

47,87 km²
954 km²
3 306 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

465 300
  9 720/km²
1 348 832 (1999)
4 415 000 (2007)
Koordinatar 45°46′1″N 4°50′3″EKoordinatar: 45°46′1″N 4°50′3″E
Høgd over havet 173 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: Offisiell side for Lyon
Plassering
Lyon dot.png

Lyon (tidlegare òg kalla Lugdunum og Lyons) er ein by aust i sentrale område av Frankrike. Han er den tredje største byen i landet, og eit stort handelssentrum mellom Paris og Marseille, og har rykte på seg for å vere den gastronomiske hovudstaden i Frankrike. Han har òg spelt ei viktig rolle i kinoen si historie. Byen ligg der elva Saône munnar ut i Rhône

I lag med forstadane og drabantbyane dannar Lyon det nest største storbyområdet i Frankrike etter Paris med eit innbyggjartal på 1 648 216 etter ei folketeljing i 1999, og er det 20.-25. største storbyområde i Vest-Europa.

Lyon er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Rhône, i tillegg til hovudstad i regionen Rhône-Alpes.

Byen gav òg namn til provinsen Lyonnais, der han òg var hovudstad. I dag er framleis området rundt Lyon kjend som Lyonnais (fransk: le Lyonnais). Region Lyonnaise er eit uoffisielt, men mykje brukt namn, og må ikkje forvekslast med regionen Rhône-Alpes, som er mykje større enn Region Lyonnaise.

Lyon er kjend som silkehovudstaden i verda, og er kjend for produksjonen av silke og tekstilar, og er i tillegg eit motesentrum.

Lyon er òg det internasjonale hovudkvarteret for Interpol og EuroNews. Byen står på UNESCO si verdsarvsliste.

To av dei mest kjende vinregionane i Frankrike, Beaujolais og Côtes du Rhône, ligg nær byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av gallarane som ei tilfluktsborg i romartida. Det galliske namnet Lugdunum, tyder «Borga til Lug». Kort etter vart derimot byen og Gallia erobra av Cæsar, og det vart grunnlagd ein romersk by på staden. Plasseringa var fordelaktig, sidan fleire handelsruter frå Bretagne, Aquitaine, Italia og Provence går gjennom byen.

burgundarane tapte slaget ved Worms i 437 mot hunarane, søkte dei tilflukt i Lyon. Dei gjorde byen til hovudstad i 461, men området mista snart sitt sjølvstende og vart ein del av Frankarriket. Etter Karl den Store sin død vart riket delt, og sonen Lothar fekk den midtre delen med Lyon. Dette området vart seinare til hertugdømet Bourgogne, som hadde sin stordomstid i høgmellomalderen. Etter Hundreårskrigen mellom Frankrike og England kom Lyon inn under den franske kongen sitt herredøme, og byen har sidan den gong vore fransk.

Byen var hovudkvarter for den franske motstandsrørsla under den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lyon