Nevil Shute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nevil Shute
Neville Shute AWW 1949.jpg
Pseudonym Nevil Shute
Fødd 17. januar 1899
Ealing
Død

12. januar 1960
Melbourne

Yrke luftfartsingeniør, ingeniør, romanforfattar, skribent, manusforfattar, science fiction-forfattar, racerfører, flygar

Nevil Shute Norway (fødd 17. januar 1899 i London, daud 12. januar 1960 i Melbourne) var ein populær engelsk-australsk romanforfattar på midten av 1900-talet. Han var i si tid særs mykje lesen og omsett, i Noreg med mellom anna En by som Alice.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn, ingeniørkarriere[endre | endre wikiteksten]

Shute vart fødd i Ealing i London. Han deltok i den fyrste verdskrigen som soldat og etter krigen utdanna han seg i tekniske fag ved Balliol College i Oxford. Han arbeidde som konstruktør hos de Havilland og seinare, frå 1924, hos Vickers Ltd., der han deltok i arbeidet med utvikling av luftskipprosjektet til britane og jobba med konstruksjonen av luftskipet «R100» under Barnes Wallis.

Han forlét Vickers og starta saman med andre flyfabrikken Airspeed Ltd. i 1931, men kjøpte seg ut på 1950-talet og emigrerte til Australia for å via seg til forfattarskapen. Her hadde han òg ein kort karriere som racer-bilist.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

I fleire av hans seinare romanar, som En by som Alice og Den siste bredd, er handlinga lagt til Australia.

Ved utbrotet av andre verdskrigen var Shute allereie ein kjend forfattar. Han vart tildelt Royal Naval Volunteer Reserve som sub-lieutenant og hamna raskt i Directorate of Miscellaneous Weapons Development. Der arbeidde han mellom anna på løynlege våpen som Panjandrum. Ryet hans som skribent fekk Ministry of Information til å senda han med i invasjonen av Normandie den 6. juni 1944, og seinare til Burma som korrespondent. Ved krigsslutt var han lieutenant commander RNVR.

Hans mest kjende roman vart On The Beach, som òg vart filmatisert. I dette verket skildrar han ved hjelp av opplevingane til to par dei siste dagane til menneskja etter ein atomkrig. Til trass for den truande undergangen går desse menneskja sin eigen undergang i møte på ein forklara, nesten stoisk, måte.

Med Slide rule la Shute i 1954 fram ein sjølvbiografi.

Shute sin forfattarskap omfattar 24 romanar. Dei fleste er omsett til norsk. Blant dei titlane som ikkje er omsette er Slide rule.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Stephen Morris (1923, utgjeve posthumt i 1961)
  • Marazan (1926)
  • So Disdained (1928)
  • Lonely Road (1932)
  • Ruined City (1938)
  • What Happened to the Corbetts (1939)
  • An Old Captivity (1940)
  • Landfall: A Channel Story (1940)
  • Pied Pip (1942)
  • Most Secret (1942)
  • Pastoral (1944)
  • Vinland the Good (1946)
  • The Chequer Board (1947)
  • No Highway (1948)
  • A Town Like Alice (1950)
  • Round the Bend (1951)
  • The Far Country (1952)
  • In the Wet (1953)
  • Slide Rule: Autobiography of an Engineer (1950)
  • Requiem for a Wren (1955)
  • Beyond the Black Stump (1956)
  • On the Beach (1957)
  • The Rainbow and the Rose (1958)
  • Trustee from the Toolroom (1960)

Omsetjingar til norsk[endre | endre wikiteksten]

Norsk tittel Utgjeve Originaltittel Utgjeve
Ein by som Alice 1950 A Town Like Alice 1950 Lydbok 2002
Einsam veg 1964 Lonely Road 1932
Byen som vakna 1964 Ruined City (1963)
Toppløyndom 1961 Most Secret 1942
Mannen med seljefløytene 1945 Pied Pip 1942
Livet og leiken 1946 Pastoral 1944
Runesteinen 1962 An old captivity 1940
Kontakt 1963 Stephen Morris 1961
Den som inkje vågar 1949 No Highway 1948
Til minne om Janet 1955 Requiem for a Wren 1955
Sjakkbrettet 1948 The Chequer Board 1947
Landet til lukka 1953 The Far Country 1982
Regnbuen og rosa 1959 The Rainbow and the Rose 1950
Den siste breidd 1958 On the Beach 1958 Filmatisert 1959 DVD 2002
Formynderen Beyond the black stump 1956
Ein troskyldig mann 1960 Tustee from the toolroom 1960

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Smith, Julian Nevil Shute (2002): A Biography The Paper Tiger, Creskill, NJ. ISBN 1-889439-30-4.
  • Croft, Julian (2000): «Norway, Nevil Shute (1899–1960)» i: Australian Dictionary of Biography. Vol. 15 Melbourne University Press, s 498–499
  • Giffuni, Cathy (1988): Nevil Shute, a bibliography. Adelaide: Auslib Press ISBN 0-9589895-7-5.
  • Haigh, Gideon (2007): «Shute's sand sin of time» i: The Daily Telegraph
  • Anderson, John (2011): Parallel Motion - a biography of Nevil Shute Norway The Paper Tiger, ISBN 978-1-889439-37-2
Nettstader