New Deal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

New Deal er namnet på president Franklin Delano Roosevelts reformprogram i USA. New Deal omfattar særleg åra 19331938 då det vart ført ei aktiv reformpolitikk, men omgrepet blir òg brukt om heile presidentperioden til Roosevelt frå 1933 til 1945.

I 1933 vart Franklin Delano Roosevelt valt til amerikansk president på eit statleg program for å løyse krisa som mellom anna hadde ført til 13 millionar arbeidsledige i landet. New Deal, dvs «ny utdeling av korta», var slagordet til Roosevelt og i praksis kom han til å gjennomføre dramatiske endringar i det amerikanske samfunnet. På kort sikt dreidde New Deal seg om innføringa av ei rekkje tiltak for å avhjelpe krisa: Bankane fekk hjelp, unge arbeidsledige kom med i statleg støtteprogram, kommunar vart hjelpt økonomisk, bønder med gjeldsproblem fekk støtte, statleg næringsverksemd vart sett i gang og nye og spekulasjonsregulerande aksjelover vart vedteke i heimlandet til Wall Street.

Nedanfor ser vi korleis Staten underskotsbudsjetterte dramatisk under New Deal, men at industriproduksjonen og sysselsettinga heldt fram å falle heilt til 1935. Utfordringa var at føderale styresmakter auka overføringane til private, men ikkje investeringane og at delstatane og kommunane skar ned på budsjetta under krisa. Det vart òg innført auka skattar, slik at det eine verkemidlet slo det andre i hel.

USA - Offentlege inntekter og utgifter, industriproduksjon (1929=100) og arbeidsløyse [1]

År Off. inntekter, mrd $ Off. utgifter, mrd $ Industriproduksjon Arbeidsløyse
1930 4,2 3,4 81 3 809 000
1931 3,1 3,6 68 8 113 000
1932 1,9 4,6 54 12 478 000
1933 .. .. 64 12 744 000
1934 .. .. 66 10 400 000
1935 .. .. 76 9 522 000

I tida som følgde, vart det gjennomført ei rekkje velferdstiltak. I det store og det heile dreidde New Deal seg om å byggje opp det som er vorte kalla ein amerikansk velferdsstat. Med Roosevelt og New Deal tok staten på seg eit aktivt ansvar i økonomien, slik staten gjorde ei rekkje andre stader i den vestlege verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leif Johansen, Offentleg økonomikk, Oslo 1965. Side 68-70.