Newbrough

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Newbrough
busetnad
Land  England
Fylke Northumberland
Kommune Warden parish
Kart
Newbrough
55°00′20″N 2°11′55″W / 55.0055°N 2.1985°W / 55.0055; -2.1985
Wikimedia Commons: Newbrough

Newbrough er ein landsby i Northumberland i England, ved nordbreidda av elva South Tyne rundt 5 mile (8 km) nordvest for Hexham.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Newbrough Town Hall

Newbrough er staden for nokre av dei mange romerske festningane langs den opphavlege nordlege grensa til den romerske Stanegate-vegen som blei bygd i år 71. Kyrkja i Newbrough, St Peter's Church, er bygd på staden til ein av festningane.[1][2][3]

Newbrough var i eldre tid del av Manor of Thornton. Eit bustadtårn (tower house) kjent som Thornton Tower blei rapportert på staden, men blei sagt å vera i forfall i 1541. Bygningen er no heilt i ruinar, men er verna med Grade II.

Newbrough Hall er eit herskapshus frå tidleg 1800-tal. Det er verna som Grade II*.

Newbrough Town Hall er rekna som ein av dei flottaste i Tynedale. Rådhuset stod ferdig i 1878, og blei omvølt i 1998.[2]

Women's Institute-bygningen, tidlegare Mechanics Institute, blei bygd i 1854 og er verna som Grade II. I 1948 blei han gjeven til Newbrough Women's Institute (WI), som var blitt skipa i 1923.[4][5] I 2000 gav WI bygningen til Town Hall. Foreininga har no møte i Town Hall, noko ho også gjorde før 1948.[6]

Ei mile nord for landsbyen ligg ein bekk kalla Meggie's Dene. Dette skal vera staden ei heks på 1500-talet kalla Old Meg blei gravlagd.[7]

Landsbyen har ein barneskule, Newbrough CE First School, Han er tilknytt Church of England.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Welcom to Newbrough». fourstonesandnewbrough.co.uk. Henta 3. mai 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Village website (Fourstones & Newbrough)». Henta 20. november 2008. 
  3. «Hadrians Wall country». Arkivert frå originalen 11 September 2005. Henta 20. november 2008. 
  4. Historic England. «Women's Institute, Newbrough (1045014)». National Heritage List for England. Henta 9. november 2015. 
  5. «Newbrough». NationalFederation of Women's Institutes. Henta 9 November 2015. 
  6. «Newbrough WI». Fourstones and Newbrough Village Noticeboard. Henta 9. november 2015. 
  7. «Hexham Courant - News - Business - Home's history carved from rich seam of mining industry». Hexham Courant. 8 May 2008. Arkivert frå originalen 4. september 2014. Henta 27. august 2014. 
  8. «Newbrough CE First School». Henta 22. november 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Newbrough