Nguyễn Cao Kỳ
Nguyễn Cao Kỳ | |||
| |||
Fødd | 8. september 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sơn Tây | ||
Død | 23. juli 2011 | ||
Dødsstad | Kuala Lumpur | ||
Rang | generalmajor | ||
Eining | det sørvietnamesiske luftvåpenet | ||
Konfliktar | Vietnamkrigen |
Nguyễn Cao Kỳ (8. september 1930–23. juli 2011) var sjef for flyvåpenet i Sør-Vietnam på 1960-talet, og statsminister 1965-67 i det juntastyrte Sør-Vietnam, før han var visepresident frå 1967 til 1971 under rivalen general Nguyễn Văn Thiệu.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Kỳ, som var fødd i det nordlege Vietnam, var soldat i hæren til det fransk-støtta Vietnam-styret. Etter å ha vore infanterioffiser vart han utdanna pilot. I 1954 trekte kolonimakta Frankrike seg ut av Vietnam. Landet vart deretter delt i Nord- og Sør-Vietnam med kvar sine stridande styrkar. Kỳ rykte då oppover i gradane i Sør-Vietnams flyvåpen, for så å verte leiar av våpengreina. I november 1963 deltok han i kuppet som styrta Ngô Đình Diệm og der nest avretta Diệm.
Frå 1964 var Kỳ ein av dei leiande i den politiske juntaen som rådde i Sør-Vietnam, rekna som ein av ei gruppe unge, aggressive offiserar. Dei neste to åra kom fleire kuppforsøk, fleire av dei vellukka, der Kỳ var ein sentral aktør i å støtte eller knuse dei. I september 1964 var han med å slå ned eit kuppforsøk frå generalane Lâm Văn Phát og Dương Văn Đức mot Nguyễn Khánh, og i februar 1965 hindra han eit anna kuppforsøk frå Phát og Phạm Ngọc Thảo. Ved slike høve sende Kỳ jagarfly i lufta og truga med å sette i verk bombetokt. Kopla med eit ry for å vere hissig, lukkast han oftast å nå sine mål. Etter eit siste kuppforsøk vart ein svekka Khánh tvinga i eksil, og Ky tok leiarrolla i juntaen, for så der etter verte statsminister, medan general Thiệu vart utnemnd til statssjef.
I si tid som statsminister framstod Kỳ med ein ekstravagant, storsnuta veremåte. Han fekk elles ry for å vere ein råtass og ein kvinnejeger, alt saman tilhøve som vekte sterk misnøye mellom vietnamesarar. Han tok lite notis av folkemeininga og åtvara openlyst om å drepe dissidentar og opponentar, samt jamne delar av Nord-Vietnam med jorda eller bombe styrkar styrt av rivaliserande offiserar i Sør-Vietnam.
Kỳ og Thiệu lukkast stoppe rekka av kupp og USA støtta regimet deira. I 1966 avsette Ky general Nguyễn Chánh Thi, rekna som den sterkaste rivalen i juntaen. Dette førte til stor uro i Sør-Vietnam, særleg i hær-avdelingar som støtta Thi og i buddhist-miljø fiendtlege mot Kỳ og hans juntastyre. Tre månader med store demonstrasjonar og opprør paralyserte delar av landet. Etter mykje att og fram, og nokre militære kampar, slo Kỳ-styrkar ned oppreisten.
I 1967 vart Thiệu vald til president i Sør-Vietnam, med Kỳ som visepresident. Maktkampen mellom dei heldt likevel fram. Thiệu lukkast så småningom å fjerne Kỳ-støttespelarar frå sentrale postar i det militære og i regjeringa. I tillegg fekk Thiệu òg i stand ei lov som i praksis hindra nesten alle andre moglege kandidatar å stille til presidentvalet i 1971. Thiệu vann då også 90 prosent av røystene i valet og Kỳ trekte seg tilbake.
Då Saigon vart erobra av opprørsstyrkane våren 1975 flykta Kỳ til USA. Han heldt sidan fram med å kritisere både Thiệu og kommuniststyret i Vietnam.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nguyễn Cao Kỳ» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2017.