Ni sjukdommar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ni sjukdommar (finsk Yhdeksän sairautta) er i finsk mytologi sønene til Loviatar, den blinde dottera til Tuoni. Ho blir gjort svanger av vinden (i nokre versjonar av soga er det havmonsteret Iku-Turso som er far til dei ni). I Kalevala blir dei ni plagene ramsa opp som Pistos (tuberkulose), Ähky (kolikk), Luuvalo (urinsyregikt), Riisi (rakitt), Paise (magesår), Rupi (sårskorpe), Syöjä (kreft) og Rutto (pest). Den niande, ein trollmann og den verste av dei alle, er ikkje nemnd ved namn. Han er personleggjeringa av misunning, og blir forvist av mor si for å plaga menneskja. Andre runeversjonar nemner ni plager ved namn, med trollmannen som den tiande sonen. Nokre har også meir esoteriske namn som Nuolennoutaja (Hentar av pil), Painaja (pressar eller mareritt), Kielen kantaja (tungeberar), Ohimoiden ottaja (tempeltakar) og Sydämen syöjä (hjarteetar), som også kan tolkast som nanm på sjukdommar eller plager.[1] Louhi, frua i nord som er jordmor for sønene, sender dei til Kaleva der dei blir nedkjempa av Väinämöinen.

Frå Kalevala[endre | endre wikiteksten]

Pohjan akka harvahammas
Teki poikoa yheksän
Tyttölapsen kymmenennen
Niille etsi ristijätä
Eipä saatu ristijätä
Eikä löytty kastajata
Itse risti rikkomansa
Itse kastoi kantamansa
Minkä pisti pistoksiksi
Minkä luhtoi luunvaloksi
Minkä hammasten kivuksi
Minkä äijytti ähyksi
Minkä muuksi turmioksi.

Engelsk omsetjing

Thus Lowyatar named her offspring,
Colic, Pleurisy, and Fever,
Ulcer, Plague, and dread Consumption,
Gout, Sterility, and Cancer.
And the worst of these nine children
Blind Lowyatar quickly banished,
Drove away as an enchanter,
To bewitch the lowland people,
To engender strife and envy.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Suomalainen mytologia. By Martti Haavio. Published in 1967.
  2. Kalevala, Rune XLV. Translated by John Martin Crawford (1888).

Turunen, Aimo (1981). Kalevalan sanat ja niiden taustat. Karjalaisen kulttuurin edistämissäätiö. ISBN 951-9363-24-6.