Nicky Butt
Nicky Butt | |
![]() Butt i Newcastle-drakt | |
Fødd | 21. januar 1975 (48 år) Gorton |
Yrke | fotballspelar |
Nicky Butt på Commons |
Nicholas Butt (fødd 21. januar 1975), kjend som Nicky Butt, er ein engelsk fotballspelar frå Manchester som spelte på Manchester United frå 1992 til 2004. Gjennom dei tolv sesongane var han med å vinne Meisterligaen 1999, den engelske ligaen seks gongar og FA-cupen tre gongar. Han deltok i 39 landskampar for England, og var med i troppa til fotball-VM 2002 og fotball-EM 2004.
I tida 2004-05 og 2006-10 gjorde han i teneste i Newcastle United og i 2005/06-sesongen i Birmingham City.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Nicky Butt» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2016.