Nicolai Norman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nicolai Norman
Fødd17. april 1919
Død2. juli 2006
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Nicolai (Nico) Norman (17. april 19192. juli 2006) var ein norsk fysikar. Han var professor ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo frå 1964 til 1986.

Norman byrja å studere realfag ved UiO like før andre verdskrigen. Under krigen var han aktivt med på motstandsarbeid mot den tyske okkupasjonen. I 1947 fekk han cand.real.-graden, før han så vart stipendiat. I 1956 tok Norman dr. philos-graden, med avhandlinga «On the cylindrically symmetrical distribution method in X-ray analysis».[1]

I 1950 hadde Norman forskingsopphald ved MIT, og i 1954 ved Brooklyn Polytechnic Institute. Etter han hadde tatt doktorgraden jobba han ved Sentralinstituttet for industriell forsking (det seinare SINTEF), før han gjekk tilbake til UiO som professor i faststoff-fysikk i 1964.

I 1966 vart Norman innvalt i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han var styrar ved Fysisk institutt frå 1976 til 1978.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Resultat av søket: Nico og Norman». Bibsys. Arkivert frå originalen 2008-11-27. Henta 11. november 2013.  Merk at Bibsys gjev datoen for avhandlinga til 1954, mens nekrologen gjev at han disputerte for dr. philos-graden i 1956.
  2. «Fysisk institutts valgte bestyrere/instituttledere». Fysisk institutt. 6. januar 2005. Henta 11. november 2013.