Massachusetts Institute of Technology
Massachusetts Institute of Technology (MIT) er eit universitet i Cambridge i Massachusetts i USA med fokus på teknologi. I den seinare tid har biologiske fag fått ei større rolle. Det vart skipa av William Barton Rogers i 1862 og låg opphavleg på den andre sida av Charles river i Boston.
MIT er verdsleiande innan teknologi og vitskap, i tillegg til mange andre felt, mellom anna administrasjon, økonomi, lingvistikk, statsvitskap og filosofi.
Skyting[endre | endre wikiteksten]
- For meir om dette emnet, sjå Boston maraton-bombinga.
18. april 2013 vart ein politimann skoten og drepen utanfor Stata-bygget.[1][2][3] Studentane vart råda til å halde seg innandørs av di den mistenkte var på frifot.[1]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «MIT Police Officer dies in line of duty; MIT Police determine campus to be safe», MIT News
- ↑ «Officer killed on MIT campus near Boston», CNN Den ukjende parameteren
|vitja=
vart ignorert (hjelp) - ↑ «MIT Campus Police Officer Fatally Injured in Shooting», Wall Street Journal