Nied

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nied
elv
Nied à Bouzonville.jpg
Nied ved Bouzonville
Land Flag of France.svg Frankrike, Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 1 370 km²
Lengd 114 km
Middelvassføring 13 /s
Kjelde Lorraine
Munning Saar
Wikimedia Commons: Nied

Nied er ei elv i Lorraine i Frankrike og Saarland i [Tyskland], og ei av sideelvane til Saar frå venstre. Ho har sitt utspring der elvane Nied Allemande («Tyske Nied») og Nied Française («Fransk Nied») renn i hop ved Condé-Northen.

Nied Française er den største av dei to, og er 50 km lang, med kjelde nær Morhange. Ein annan by langs Nied Française er Pange. Nied Allemande er 57 km lang med utspring i Seingbouse, aust for Saint-Avold. Ein annan by ved Nied Allemande er Faulquemont.

Resten av Nied er 55 km lang, der 16 km renn i Tyskland. Ho renn gjennom Bouzonville og munnar ut i Saar ved Rehlingen-Siersburg.