Nikšić
Nikšić | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Land |
Montenegro | ||
Grunnlagd | 300-talet | ||
Borgarmeister | Marko Kovačević | ||
Flatevidd | 2 065 km² | ||
Innbyggjarar[1] • Kommune (2023) • Byområde |
65 705 56 970 (2011)[2] | ||
Koordinatar | 42°46′N 18°56′E / 42.767°N 18.933°E | ||
Høgd | 647 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Postnummer | 81400 | ||
Retningsnummer | 82 | ||
Bilnummer | NK | ||
Nettstad: niksic.me | |||
![]() |
Nikšić (kyrillisk Никшић) er ein by og ein kommune i Montenegro. Han ligg på Nikšićsletta ved foten av Trebjesa i Sentralregionen. Byen er den nest største i landet etter Podgorica og er eit viktig senter for industri, kultur og utdanning. Han er senteret i Nikšić kommune, som er den største kommunen i landet ut frå areal. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 65 705 innbyggjarar.[1]
Byen vart grunnlagd på 300-talet under namnet Onogost eller Anagastum då romarane bygde ei festning på staden. Byen vart øydelagd og gjenoppbygd fleire gonger gjennom tidene. Etter kvart voks byen utanfor festningsmurane, men utviklinga av byen var lenge knytt til festninga. Det osmanske riket erobra heile området på 1400-talet og vart først frigjeve i 1877. Byen vart hardt råka av den andre verdskrigen, men vart raskt bygd opp att.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadene i kommunen:
Folketal 2003[3] | Folketal 2011[2] | Folketal 2023[1] | |
---|---|---|---|
Nikšić | 58 212 | 56 970 | |
Ozrinići | 2 024 | 2 057 | |
Rastovac | 1 513 | 1 535 | |
Miločani | 863 | 1 006 | |
Kuta | 910 | 846 | |
Kommunen Nikšić | 75 282 | 72 443 | 65 705 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nikšić» frå Wikipedia på engelsk, og «Nikšić» frå Wikipedia på dansk den 7. februar 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 The 2023 Census of Population, Households, and Dwellings: Population of Montenegro by Sex and Age (PDF), Monstat, 15. oktober 2024, henta 22. mars 2025, «Table 1. Population of Montenegro, by municipalities»
- ↑ 2,0 2,1 POPIS 2011 - podaci (Folketeljing 2011 – data), Monstat, 2011, henta 11. september 2024
- ↑ Population – National or ethnic affiliation: Data by settlements and municipalities, Monstat, 2004, henta 22. mars 2025
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell side Arkivert 2007-02-14 ved Wayback Machine.
- Visit-Montenegro.com Arkivert 2007-02-06 ved Wayback Machine.
- Photo-Montenegro.com[daud lenkje]